Invitasjonen kjem i samband med detaljplanane for Idrettsparken på Hafstad som skal opp i bystyremøtet førstkommande torsdag.
- LES OGSÅ:
- No skal dei folkevalde få sjå kva utstyr vi nyttar, møte våre ståande og sittande utøvarar og med sjølvsyn sjå korleis bogeskyting fungerer i samspel med andre aktivitetar som føregår i Førdehuset når det gjeld t.d. tryggleik, seier leiar Jan Roar Sekkelsten.
Vart fjerna frå skissa
Administrasjonen og planutvalet har tidlegare gått imot bogeskyttarklubben sitt ynskje om å bli inkludert i planane med eit treningsfelt.
I planutvalet 23. september stod rådmann Ole John Østenstad fast på at feltet ved Halbrend skule er eigna til bogeskyting, og at det bør vere det som er fast øvingsfelt for klubben.
I eit tidlegare utkast til oppdeling av idrettsparken på Hafstad, var bogeskyttarklubben inne med eit eige felt på dette området. Dette feltet er ute i den siste skissa.
Kan ikkje samanliknast
Sekkelsten har inntrykk av kommunen har eit overdramatisert syn på tryggleiken og at det er årsaka til at dei ikkje blir inkludert i idrettsparken. Han trur eit besøk på treninga måndag vil gje politikarane eit meir balansert syn på kva bogeskyting er.
- Krava til tryggleik i bogeskyting kan ikkje samanliknast med krava innan t.d. rifle- eller pistolskyting. Der skyt alle med samme utstyr og ammunisjon. I vår samanheng er rekkevidden for pilane avhengige av spennet i bogen og kor langt skyttaren trekk opp, seier han og meiner bogeskyttarane godt kan dele område med andre "risikoidrettar" som til dømes diskos og spyd.
Ingen delar av utstyret dei treng på treningsfeltet er faste installasjonar.
- Er ikkje utelukka
Ordførar Nils Gjerland meiner det er ei misforståing at bogeskyttarklubben er ekskludert frå planane. Men han seier det av omsyn til tryggleiken ikkje er plass til å etablere ei permanent og separat bane berre til bogeskyting.
Han meiner det bør vere mogleg at bogeskyttarane deler det området som no er sett av til idrettar som treng tryggleikssone.
- Det er idrettar det er knytt meir risiko til enn andre og til dei har vi eit område vi ynskjer å kombinere alle. Eg er sikker på at vi i framtida vil sjå bogeskyting på idrettsparken, seier Gjerland.
Rørslehemma
Medlemstalet i klubben er aukande og klubben har dei siste åra fått norske meistrar. Sekkelsten presiserer i invitasjonen at klubben ynskjer å vere tilgjengeleg for dei som fell utanfor annan idrettsaktivitet.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Klubben har i dag to sittande utøvarar, og fleire har vend seg til klubben med interesse for sporten. Tilkomsten til klubben sitt noverande treningsfelt på Halbrend er vanskeleg tilgjengeleg for desse.
- Så lang vi kan sjå er det planlagt få arenaer der t.d. rullestolbrukarar kan delta på lik line med såkalla funksjonsfriske, seier Sekkelsten.
Vil prøve å kome
Invitasjonen til å kome på treninga vart sendt frå bogeskyttarklubben på Fredag. Då NRK snakka med Gjerland på søndag, hadde han førebels ikkje sjekka eposten sin.
- Eg må sjå om eg har fått invitasjonen, men eg vil prøve å vere til stades om det ikkje krasjar med andre avtalar, seier Gjerland og meiner det kan vere nyttig for politikarar utan kjennskap til idretten å takke ja til invitasjonen.