Hopp til innhold

Tommy (15) henta heim NM-gullet

Tommy Gryttingslien frå Jølster gjekk søndag føremiddag heilt til topps i NM innandørs bogeskyting.

Tommy Gryttingslien

Tommy Gryttingslien frå Jølster representerer Førde bogeskyttarklubb.

Foto: Sonja Jensona

Jølstringen som representerer Førde bogeskyttarklubb skaut 107 poeng mot Hallvard Høynes (Kristiansand) sine 105 poeng i finaleomgangen i kadettklassa. I tilsvarande NM i fjor, vart han nummer to.

- Det var veldig nervepirrande. Han har skote betre enn meg heile helga, så eg var skikkeleg nervøs i finaleomgangen. Eg trur ikkje eg har vore så nervøs før, seier ein letta Tommy Gryttingslien til NRK.

Siste serie avgjorde

Men 15-åringen som var nummer tre etter den innleiande runda, heldt nervane under kontroll i finaleomgangen - og sikra seg sitt andre NM gull på under eitt år. Det gjorde han i den siste av fire seriar i søndagens finale.

- Vi skyt fire seriar med fire piler. Det er mogeleg å få 120 poeng. Eg kunne nok ha skote betre enn 107 poeng, men det betyr ikkje så mykje akkurat no, seier Gryttingslien, som til neste år rykkjer opp til juniorklassa.

Fire timar i veka

Gryttingslien og Magnus Pilskog Stein var Førde sine utøvarar i meisterskapen i Harstad. Pilskog Stein vart til slutt nummer seks. 15-åringen frå Jølster trener fire timar i veka, fordelt på to dagar. Gode tilbakemeldingar frå trenarane inspirerer til å satse vidare.

- Det hadde vore moro å få kome på eit juniorlandslag og seinare kunne få prøve seg i eit EM, seier han.