VINNAR: 'The Fox' var ifølgje Disney den mest fengande låten i 2013.
Foto: Skjermdump / Radio Disney Music AwardsDet tek aldri slutt. Ylvis-brødrene held fram med å få merksemd for hitlåten "The Fox". I januar fekk vann dei Spellemannsprisen for "årets hit". Også internasjonalt vinn dei prisar for låten, som i utgangspunktet vart laga for å promotere TV-programmet "I kveld med Ylvis".
Seinast i natt vart dei tildelt Radio Disney Music Award i kategorien "Stuck in our head - Catchiest New Song".
400 millionar visningar
Ylvis vann prisen i konkurranse mot Cher Lloyd sin hit "I Wish" og MKTO sin "Classic".
Sjølv om den største delen av "The Fox"-feberen har lagt seg, er det framleis ein god del som er inne å ser videoen på YouTube. Onsdag førre veke passerte musikkvideoen 400 millionar visningar.
I skrivande stund har låten 404.164.002 visningar.
- LES OGSÅ:
|
Og det gir pengar i kassa, ifølgje VG. Kvar avspeling på Spotify gir opphavsmennene tre øre, noko som med statistikken frå Spotify gir 1,4 millionar kroner skriv avisa. Legg ein til same reknestykket for YouTube-visningane kan dei to brørne plusse på tolv millionar kroner.
Hektisk
Ylvis går ei hektisk tid i møte. 16.mai opptrer dei på Bergenhus festning, og dei skal også besøke Stavernfestivalen og Malakoff på Nordfjordeid.