Inger krabbar ut frå bilvraket i grøfta, åleine.

Inger Helgestad

Livet ho såg for seg, er over på få sekund.

Inger Helgestad

Men ut av oska gror det nytt håp.

Inger Helgestad

Liv etter døden

Inger oppdaga ho var gravid dagen etter ho gravla kjærasten sin

Tankane rasar gjennom hovudet til Inger Helgestad, der ho sit på legekontoret i Sogndal. Armen er gipsa og brystet er vondt og ømt. Legen har akkurat sagt at testen er positiv.

Ho sender ei melding til ei venninne.

4. november, 11:14

Inger:Eg er gravid
Inger:Og livredd
Maria:!!!!!!!!!
Maria:oh my gooooosh
Maria:Det høres ut som filmplot man nesten ikke tror på
Maria:Inger!!!
Inger:Eg veit
Inger:Eg er så redd
Inger:Eg kjem til å miste, eg veit det

Men han ho har aller mest lyst å fortelja det til, veit det ikkje. Og han kjem heller aldri til å få vita det.

Veke 1 – Den første snøen

Heime i huset på Kaupanger i Sogn gjer Inger, Vegard og sonen deira Morten (1) seg klar for ein ny dag. Det er tysdag 20. oktober 2020.

Dei har betre tid enn vanleg, for dei skal i ei gravferd.

Dei leverer Morten i barnehagen, før dei køyrer mot Jostedalen, ein liten time i bil frå Sogndal.

Vinterens første snø dalar frå himmelen, og etter kvart som dei legg høgdemeterane bak seg i retning Jostedalen, legg snøen seg på bakken. Inger styrer musikken, og Vegard styrer bilen. Praten går om laust og fast. Om vêret. Og at det er bra dei har gode dekk.

Dei køyrer ut av ein liten tunnel og rundar ein høgresving. Inger merkar at bilen mistar veggrepet og sklir. Ut av spora. Over gulstripa. I motsett køyrefelt kjem ein buss. Bilen og bussen treffer kvarandre, front mot front.

Akkurat dei sekunda er blanke for Inger. Så blir bilen slengd i grøfta og stoppar der.

Inger har framleis telefonen i handa, og ringer 113.

Så snur ho seg mot Vegard.

Han ligg med overkroppen mellom framseta. Auga ser oppover, men dei er heilt tomme. Inger tenker med ein gong at han er død.

Folk frå bussen og frå bilar som har stoppa kjem til for å hjelpa. Inger og ei anna dame forsøker å gjera hjarte- og lungeredning på Vegard. Men auga hans blir verande tomme.

Panikken tek Inger. Ho må ut av bilen. Kaoset rår rundt ho. I kroppen kjenner ho ei uro ho aldri har kjent på før.

Ho går rundt på den snødekte fylkesvegen. Ho ropar at Vegard er død. Og tenker at om det ikkje var for Morten, så hadde det ikkje gjort noko om ho også sat att inne i bilen med opne, tomme auge.

Inger Helgestad og Vegard

Veke 2 – Gravferd og graviditetstest

Inger blir teken i mot på traumemottaket på sjukehuset i Førde. Ho har ein broten arm, nokre brotne ribbein og ei punktert lunge.

I tillegg til alle undersøkingane, får ho også fleire rutinespørsmål.

«Er du gravid?» er eitt av dei spørsmåla.

Både Vegard og Inger var klare på at dei ønskte seg ein større familie. Og det er ein sjanse for at Inger er blitt gravid i løpet av dei siste vekene. Så ho svarar «det veit eg ikkje».

Hennar siste sjanse til å få litt meir av Vegard med seg i livet.

Men både blodprøven og den vanlege urinprøven kjem tilbake negativ.

Alt som skjer rundt Inger er eit kaos for ho. Om det går minuttar eller timar anar ho ikkje. Akkurat når presten kjem inn på rommet hennar på ulukkesdagen, veit ho ikkje. Ho har framleis eit ørlite håp om at nokon har fått liv att i Vegard. Men når presten kjem inn på rommet, så veit ho kva det betyr.

Uroa ho fekk i kroppen på ulukkesplassen slepper ikkje taket. Ho går tallause gonger den same, korte ruta inne i sjukehuskorridorane. Går ned ein gang, gjennom ei dør, bort ein ny gang, tilbake.

Inger på sjukehuset

Og oppi alt det må Inger ta hand om praktiske ting ingen 23-åringar tenker dei må gjera.

Skal ho gravleggast i same grav som Vegard? Det er eit av spørsmåla ho får i dagane og vekene etter ulukka. Absurd, tenker Inger. Absurd å tenka på at ho i det heile tatt skal leva, når døden kan koma så plutseleg.

Inger rakk aldri å ta farvel på dei sekunda frå bilen mista grepet til dei låg i grøfta. 3. november, to veker etter ulukka, blir Vegard gravlagd.

«Di glede over livet skal eg ta med meg, og med kjærleiken din i ryggen vil eg klare å leve», sa Inger i gravferda.

Vegard si gravferd

I den svarte kjolen, med armen i gips, står ho stødig ved grava i det gravfølgjet går forbi for å visa sin siste respekt for Vegard.

I det kista blir seinka i jorda på kyrkjegarden på Kaupanger og Inger går derifrå, veit ho at det over. Tre er blitt til to.

Men den dagen er det også ein annan ting ho tenker på. Menstruasjonen hennar er forseinka. Ho veit godt at det kan vera fordi kroppen er i sjokk etter ei slik ulukke. Men likevel. Kjensla av at litt av kjærasten er med ho vidare slepper ikkje taket. Vegard er død, men håpet lever.

Dagen etter gravferda til Vegard, møter Inger opp på legekontoret. Armen og lungene skal sjekkast. Og ho tek også ein ny graviditetstest.

Det går nemleg ei lita stund frå ei sædcelle har funne eit egg, til kroppen viser at her er det noko på gang. Først nokre dagar etter at egget har festa seg, er det nok hormon i kroppen til at det er synleg på prøvane.

Så då sit Inger der, på legekontoret, med armen i gips og smerter i brystet. For andre gong på to veker er livet hennar snudd opp ned.

Denne gongen er ikkje tre minus éin lik to. Denne gongen er svaret framleis tre.

Inger sin graviditetstest 2020

Veke 3 – Liv og livredd

Inger er overvelda. Denne siste biten av Vegard som veks inne i magen, er Inger sin siste sjanse til å få tilbake litt av den framtida den vesle familien hadde sett for seg.

Ho er glad, men klarer ikkje å tru på det. I hovudet hennar er det einaste utfallet at fosteret også døyr frå ho.

4. november 11:14

Inger:Eg kjem til å miste, eg veit det
Maria:Du
Maria:Det kan man ikke vite
Maria:Gosh
Inger:Eg har sendt melding til Åse
Inger:Eg håpar ho ser den snart
Maria:Håper jeg også hjelpes
Maria:Er du hjemme nå
Maria:Hva sa mamma og pappa
Inger:Nei skal ta blodprøve
Inger:Dei veit ikkje
Maria:Oh gosh
Maria:Dette er så rart
Inger:Jaaaa
Inger:Eg skjelver

Ute av legekontoret sender Inger melding til jordmor Åse Storegjerde, som har kontor i etasjen over legen. Ho veit akkurat kvar kontoret er, for berre nokre dagar før ulukka var ho på kontoret til Åse for å snakka.

Det er nemleg ikkje så lenge sidan Inger var gravid. Heile sommaren gjekk ho og Vegard og håpa på at det skulle gå bra med det vesle fosteret i magen.

Men i august byrja ho å blø, og ho spontanaborterte i veke 11. Inger, Vegard og Morten måtte venta litt med å bli fleire, likevel.

Oppe hjå Åse klarer Inger likevel å kjenna litt på den gleda ho skulle ha delt med Vegard. Men sorga og saknet etter kjærasten er endelaust. Og når ho klarer å kjenner på glede, blir det raskt overskygga av dårleg samvit for å vera glad.

Mange gravide blir kvalme frå starten av, og får ei konstant påminning om at nytt liv gror inne i dei. Men ikkje Inger.

Ho er litt kvalm, men tenker det er fordi ho er i sorg og fordi matlysta er heilt vekke.

Det er ingen teikn som ho torer å tru på at betyr liv.

Det einaste handfaste teiknet ho får som ho ikkje kan ignorera, er ikkje eit godt teikn.

Ein dag byrjar ho å blø. Tankane går med ein gong tilbake til den dagen i august.

For Inger er det stadfestinga på det ho var så sikker på kom til å skje. At ho kom til å ha ein ny spontanabort.

Veke 15 – Gratulasjonar og gravøl

Morten spring rundt med ei raud krone på hovudet. «Morten 2» står det med glitterskrift. I dag får han pizza til middag.

Det står femte februar i kalenderen. Morten sin toårsdag. Og Inger sin 24-årsdag.

Og det som skulle ha vore 30-årsdagen til Vegard. Tilfella i livet skal nemleg ha det til at den femte februar er bursdagen til alle i den vesle familien.

Vegard Nes Olsen, Inger Helgestad og Morten

5. februar 2019 vart Morten fødd. Han er prikk lik Vegard.

Foto: privat

At det også er Morten sin bursdag, gjer det litt lettare for ho. Då kan ho gløyma at det er hennar og Vegard sin dag, fordi ho skal feira Morten.

På dagen er det Morten sin dag, med gåver og ballongar og familien på besøk. På kvelden feirar Inger Vegard og seg sjølv. For det var slik Vegard ville ha gjort det.

Vegard mista mor si, Grete, av kreft for nokre år sidan. Kvart år på Grete sin bursdag, feira dei ho. Ein god middag, kanskje litt kake. For Vegard var det viktig at dei feira livet hennar og det ho hadde betydd for dei, ikkje berre sørgde over at ho ikkje var med dei lenger.

No gjer Inger det same for Vegard.

Den kvelden samlar ein liten gjeng seg nede i kjellaren i huset, i «Måken bar». Kjellaren ber preg av det Vegard brann for. Det er Liverpool-plakatar, LP-plater og gitarar på veggane, og alltid plass for vener og kjende.

Nokre av venene tek seg ein øl eller to. For å feira Inger, og for å feira og minnast Vegard.

Men Inger held seg til alkoholfritt.

Inne i magen er fosteret langt forbi dei «magiske» tolv vekene. Tidspunktet der mange reknar det som relativt trygt at ting kjem til å gå bra, og at den største faren for spontanabort er over.

Men for Inger er desse veketala også ei påminning om kor lenge det er sidan ho såg Vegard i live. For kvar dag ho kjem nærmare babyen, kjem ho ein dag lenger vekk frå kjærasten. Og etter som dagane går, lurer Inger på om ho er klar for å gje slepp på ein stor del av den framtida ho og Vegard skulle bygga i lag.

Men først skal det siste Vegard lét etter seg bli litt meir ekte for Inger. Laurdag 20. februar skal heile bygda, ja, heile Sogn, få vita at ho er gravid, på dagen fire månader etter at Vegard døydde. Ho er hovudoppslaget i Sogn Avis. Den absurde samanflettinga av liv og død, som til no berre dei næraste veit om, skal bli kjent.

faksimile Sogn Avis
Foto: faksimile Sogn Avis

Å få setta ord på det som skjedde og kjenslene sine, er terapi for Inger. Difor vil ho fortelja historia si i avisa. Folk skal ikkje vera redde for å snakka om Vegard framfor ho. Ho vil at folk skal snakka om han.

Etter kvart blir humor viktig for Inger. Meldingane med venninnene er fulle av mørk humor. Til tider kolsvart. Noko må ho le av.

27. januar, 20:11

Marthe:meme Inger og Marthe
Inger:HAHAHAH
Inger:Meg i måro
Marthe:Hahaha

Veke 24 – Flytting og babyklede

Ute har snøen smelta, og det går mot lysare tider. Men mørket slepper ikkje taket i Inger. I gangen står boksane med elektriske verktøy stabla oppå kvarandre, slik dei stod i oktober. Vegard var snikkar, og då dei flytta heim att til Kaupanger sommaren 2020 etter nokre år i Oslo, tok dei over barndomsheimen hans.

Alt var teikna og planlagt i detalj for korleis han skulle pussa opp barndomsheimen, og skapa ein ny heim til sin eigen familie. Men dei rakk aldri å gjera det til sin heim. Så no pakkar Inger att, for ho og Morten skal flytta. Å bu i det store, halvoppussa huset, som har Vegard sine minne i kvar minste flis og flekk, er tungt.

– Det kjennest litt som eg flyttar frå Vegard utan at han veit det.

Ho går gjennom kleda til Vegard. Mykje ligg enno i baggar på golvet. Kvardagskleda til Vegard ligg i ei enkel hylle som står midt i det eine soverommet. Dei hadde jo heile livet framfor seg, så å få pakka ut alt med ein gong var ikkje noko å stressa med. Dei skulle jo uansett pussa opp først.

Noko vil ho ta med seg vidare, og noko skal ho kasta. Ho veit akkurat kva han ville ha sagt. Samtalane kan ho ha inne i hovudet sitt.

«Du treng jo ikkje fem av dei like arbeids-t-skjortene mine».

Inger smiler. Så plukkar ho opp ei Liverpool-drakt frå ein liten, raud bunke. Dei får ho ikkje lov til å kasta av Vegard.

I alle fall nokre av dei må ho finna plass til i den nye leilegheita ho har kjøpt seg på Kaupanger. Ei leilegheit med tre soverom. Inger ler litt, for med leilegheitskjøpet unngjekk ho så vidt å gjera eit bomkjøp.

– Først tenkte eg slik at «Kor mange soverom treng eg? Eg treng to. Eitt til meg og eitt til Morten». Eg tok ikkje stilling til at me skulle bli tre personar i familien, for i mitt hovud kom ikkje det til å skje.

Fosteret er no i veke 24. Ein milepåle i eit svangerskap, for no er det ein moglegheit for at barnet overlever, sjølv om det skulle bli fødd allereie.

I det eine hjørnet i stova i huset ligg det ein liten body til eit nyfødt born. Ei gåve ho fekk av nokre venninner. Ho er ofte borte for å sjå på klesplagget, men å ta det med bort i den nye leilegheita og legga det i ein kommode har ho ikkje tort endå.

Det er slikt ein gjer når ein er klar for fødselen. Når du trur på at ungen faktisk kjem.

– Men kanskje eg skal gjera det no…? seier Inger, like mykje som eit spørsmål til seg sjølv.

Inger Helgestad

Babykleda har Inger endå ikkje pakka med seg. Men no er kanskje tida inne.

Inger Helgestad

Sveinnebrevet og barnebildet av Vegard vil Inger ta med seg vidare.

Inger Helgestad

Inger og Vegard skulle eigentleg ha vore mann og kone, men korona gjorde at dei valgte å utsetta bryllaupet. I desember skulle dei ha gifta seg, og så hatt den store festen når Noreg opna opp att.

Inger Helgestad

På badet på loftet ligg det framleis ein graviditetstest. Inger måtte ta ein ny test då ho kom heim frå legen den 4. november. Ho turte ikkje på at den på legekontoret var sann. Ho har enno ikkje fått seg til å kasta den.

Inger Helgestad

Vaskerommet i kjellaren, slik Vegard forlot det.

Inger Helgestad

Restane av bursdagsfeiringa er framleis i stova, seks veker etter den store dagen.

Inger Helgestad

«Måken bar» i kjellaren.

Inger Helgestad

Veggane i kjellaren var pryda av Vegard sine interesser. Vreid-platene heng høgt. I framgrunnen er plakaten til Soknangr, som er bandet til Vegard og kompisen.

Inger Helgestad

Jakken Vegard hadde med seg i bilen på ulukkesdagen.

Inger Helgestad

Ei ny periode i Inger sitt liv tek til, i det ho forlet huset som aldri vart familieheimen deira.

Hadde ho ikkje hatt folk rundt seg som hjelper ho med det praktiske, kunne ho fort enda opp med å kjøpa ei leilegheit utan plass til babyen som er på veg. For livet er slitsamt. Sjølv med hjelp frå heile storfamilien, brukar ho månader på flyttinga.

Om Inger seier at «det går bra», så er det ikkje bra slik eg og du har det bra. Bra betyr berre at ho orkar å leva. Når det ikkje går bra, er det berre Morten som held ho gåande.

Når ho kjem i tredje trimester, går det ikkje så bra.

Veke 31 - Pause

5. mai, 10:14

Inger:Plot twist!! Fekk panikkanfall eller eit eller anna i går, Morten ville ikkje sove og eg ville ikkje leve:)
Ringte mamma og mamma ringte åse og begge kom hit og no skal eg kanskje leggast inn etter kvart men eg må iallefall ta koronatest i dag
Inger:Så no må eg isloere meg rett ettee at psyken gikk til helvete, livet i pandemi berre fortsetta å gi!!
Inger:La inn eit lite rim der ja

Mai treffer Inger hardt. Denne meldinga sender ho til ei venninne.

I gode periodar er graviditeten trøystande. Men i dei dårlege, slik dei siste vekene har vore, er ho heilt sikker på at augeblikket der noko skal gå gale med babyen, nærmar seg. Noko kjem til å skje, og med termin berre eit par månader unna, har ulukka dårleg tid på seg.

– Eg blir veldig sliten av å ha det slik heile tida. Det kjem til eit punkt der eg ikkje klarer kvardagslege ting. Det passar litt dårleg når eg har ein toåring heime også.

Inger ler litt av situasjonen. Sidan ulukka har galgenhumor vore livreddande for ho.

6. mai: 10:38

Stine:Fysøren, du må gi livstegn her kvar dag
Stine:Blir stressa
Inger:I'm not dead - The Office
Stine:Good❤️❤️
Inger:Not dead... yet.
Marthe:Not dead... yet.
Marthe:Katt meme inger xl
Inger:hahahahahahahahaha
Inger:eg dør

Men no er ikkje latter nok, lenger.

Dette skriv ho i notata sine den 7. mai.

Inger notat 7. mai

Fem dagar seinare sjekkar ho inn på Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal.

Inger på Rutlin

Det er godt å vera innlagt. I det ho går inn døra på institusjonen, kjenner ho seg trygg.

– Du må ha trua på at nokon kan hjelpa deg. Helsevesenet har vore der for meg sidan ulukka.

Planen er at ho skal vera der éi veke. Den veka blir først til to, og så til tre.

21. mai, 16:23

Maria:Hvordan går det der borte med deg nå?
Inger:Det går bedre. føler eg får puste. Har overskudd. Vil leve.
Inger:Det er jo tre litt viktige ting.

I magen veks babyen fint.

Men i hovudet til Inger byrjar ei ny frykt å ta plass.

Veke 36 – Hjartebank og tomrom

Lyden av eit lite hjarte som slår fyller kontoret til jordmor og psykiatrisk sjukepleiar Åse Storegjerde. Inger ligg på benken og Åse kjenner på magen hennar. Det er fire veker til termin.

Inger har vore hjå Åse ein gong i veka sidan ulukka. Dei har snakka om det som har skjedd og korleis Inger har det. Og dei har snakka om det som skal skje.

Inger Helgestad
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Kven skal du ha med deg på fødselen? spør Åse. Eit spørsmål ho har stilt før, men som Inger ikkje har klart å svara på. Men no må ho koma med eit svar.

– Maria, ho venninna mi, blir med. Viss eg skal ha med meg nokon.

På veggen over benken der Inger ligg, heng eit bilete av ein nybakt far som gret gledestårer på ei fødestove. Det er nokre augeblink der det er tydelegare enn andre at Vegard ikkje er med ho lenger.

– Eg syns du bør ha med deg nokon. Dei må ikkje vera med på sjølve fødselen, men i alle fall vera i nærleiken, slik at dei kan gå litt inn og ut. Og ikkje minst vera der etterpå. For du anar ikkje korleis du kjem til å reagera, seier Åse.

– Nei, eg har ikkje peiling. Det er litt skummelt. Men det tok ganske lang tid før eg klarte å forholda meg til fødselen i det heile. Eg trudde jo ikkje det skulle koma så langt.

– Men torer du å tenka fødsel no?

– Litt, men det er mest fordi eg må.

For Inger har sjølve fødselen vore ein abstrakt ting langt der inne i framtida. Men det er det ikkje no lenger, og det skremmer ho.

Ho er ikkje redd for sjølve fødselen, der stolar ho fullt på legane, jordmødrene og sjukepleiarane. Nei, Inger er redd for å møta den vesle babyen.

At saknet etter Vegard vil bli for stort til å bera, i det ungen hans blir fødd utan at han er til stades. At ho vil ta avstand frå babyen. At barnet vil minna Inger på den framtida dei alle mista ni månader tidlegare.

– Eg anar ikkje korleis eg kjem til å reagera i det augeblikket. Det gjer meg livredd.

Inger Helgestad

Åse Storegjerde har vore der for Inger frå før ulukkesdagen. Først som jordmor og samtalepartnar etter spontanaborten, så som psykiatrisk sjukepleiar i dagane etter ulukka. Etter Inger fann ut at ho var gravid, har ho snakka med Åse ein gong i veka. Ho har vore veldig viktig for Inger heile tida.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Veke 40 – Sjukehuset, ni månader seinare

Ni månader er gått sidan Inger vandra kvilelaust omkring gangane på sjukehuset i Førde.

Inger på fødestova

Ni månader er gått sidan presten kom inn til ho på traumemottaket, nokre etasjar under der ho ligg no.

Inger på fødestova

Grete blir fødd 14. juli klokka 14.03.

Inger på fødestova

I det ho får vesle Grete på brystet sitt, er det første gong sidan oktober uroa forlèt kroppen hennar.

Inger på fødestova

Med smykket til Vegard rundt halsen, klipper Inger navlestrengen sjølv.

Inger på fødeavdelinga

Ni månader etter at dei møtte ein buss på ein snødekt og glatt fylkesveg, har Inger fått tilbake litt av livet ho mista i oktober.

Inger Helgestad

Epilog – oktober 2021

Tre månader er gått sidan Inger låg på fødestova i Førde. Eitt år er gått sidan ho krabba ut av bilvraket. Åleine, trudde ho då. Men i fanget held Inger ho som i hemmelegheit også kom seg ut av bilen i live den morgonen.

Inger Helgestad på grava

Grete er med på kyrkjegarden på Kaupanger for å besøka pappa. Morten passar på at bamsen står slik den skal attmed gravstøtta. Men etter ei lita stund blir alle dei fine pinnane som har falt ned frå det store treet like ved mykje meir spennande.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Å vera open om korleis ho har det er noko av det som har fått ho gjennom det siste året. Å ikkje vera redd for å snakka om alt som er tungt og trist. Å finna noko å le av, også i det vonde.

– Ein gong i framtida kan det hende at eg angrar på at eg har fortalt alt dette, no når eg framleis står midt oppi det. Men det er eit val eg har teke, for det hjelper meg å vera open når det er tungt – ikkje berre etterpå. Og om historia mi kan bety noko for nokon andre også, så er det ein veldig fin bonus.

Saknet etter Vegard er framleis endelaust, og det vil det truleg alltid vera. Framleis går livsgleda opp og ned. Korleis ho har det om ein dag eller to eller tre, anar ho ikkje. Men akkurat no er ikkje bølgedalane like djupe som før, og toppane er høgare og jamnare.

Men det å kjenna på at det er slik, er også litt skummelt.

– På mange måtar har eg mest lyst til å bli verande i det vonde, fordi det er når det er mest vondt at Vegard kjennest mest nær meg. Då er saknet så levande. Men samstundes så veit eg jo at han alltid er med meg, uansett, sjølv om det går betre. Og det er jo godt å ha det bra.

Ho smiler litt. No betyr «bra» at ho faktisk har det ganske fint, innimellom.

Inger Helgestad
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Eg vil gjerne høyra frå deg

Dersom du har det tungt og har behov for nokon å snakka med, kan du ringa Mental Helse sin hjelpetelefon: 116 123.

Dersom du har noko du vil seia til Inger, så kan du senda meg ein epost. Eg skal vidareformidla det til ho.

Illustrasjon hovudbilde: Lene Sæter/NRK
Foto hovudbilde og bilde frå ulukka: Christian Blom/CBFoto
Foto fødselen: Maria Huseby for NRK