Forslag til kassering
Foto: Martha Våge / NRK

Eit bibliotek utan bøker

FØRDE (NRK): Nesten 14 millionar bøker har blitt kasserte dei siste ti åra, og fleire skal det bli.

Ho går mellom høge hyller med bøker tett i tett. Stryk over ryggane, dreg ut dei som ser slitne ut, kikar litt i dei, lukter litt, tenkjer. Behalde eller kaste?

– Bøker som har vore med på stranda for eksempel, eller bøker med kaffiflekkar, rifter eller andre teikn på at dei er godt brukte og dårleg tekne vare på. Dei må vi kaste, seier Jorun Systad, biblioteksjef på Førde bibliotek.

– Og bøker som er utdaterte og inneheld faktafeil. Gamle fagbøker, for eksempel.

Ho tek den vante runden med tralla og plukkar ut ei og anna bok som ho seinare plasserer i hylla merka «forslag til kassering».

Jorun Systad

VURDERING: Gamle fagbøker vert vurdert av bibliotekssjef Jorun Systad. Behalde eller kaste?

Foto: Martha Våge / NRK

Tal frå SSB syner at norske bibliotek har kassert nesten 14 millionar bøker mellom 2004 og 2014. Mange nye bøker er kjøpte inn, men totalt har bestanden på biblioteka minka med 15 prosent. Men dei har framleis for mange bøker.

Framtidas bibliotek skal vere ein møteplass, ein kultur- og debattarena, eit litteraturhus. Bokhyller skal ut, og fleire sitjegrupper, studieplassar og møteplassar skal inn.

– Her skal vi ta vekk store delar av faglitteratur for vaksne, og setje inn bord og stolar slik at ungdom kan sitte her og gjere lekser, for eksempel, seier Systad og peiker på eine delen av biblioteket i Førdehuset.

– Vi har fjerna totalt seksten bokhyller sidan jul, so no har vi betre plass til utstillingar og debatt. No har vi stilt ut kunst som elevar ved kulturskulane har laga. Dei har brukt kasserte bøker dei har fått frå oss.

Bokkunst

KUNST: Gamle, slitne bøker får nytt liv når kulturskulen lagar kunst.

Foto: Martha Våge / NRK

Tidlegare har biblioteka vore ein stad der ein kunne finne informasjon om det meste ein måtte lure på. No finn ein all slags informasjon på internett, og leksikon og fagbøker om medisin og mekanikk og den komande EDB-revolusjonen står og støvar ned i hyllene på biblioteket.

Jorun Systad

KASSERAR: Bibliotekssjef Jorun Systad ved Førde bibliotek synst ikkje det er kjekt å kaste bøker

Foto: Martha Våge / NRK

– Eg forstår at folk reagerer, ein kan ikkje sjå for seg at eit bibliotek skal drive å hive bøker i bosset, men det må til. Mange av bøkene her er utdaterte og inneheld feil informasjon. Dei kan vi ikkje låne ut, seier Systad.

I mange år har kassering av bøker vore ein vanskeleg prosess for biblioteka. Lidenskapelege bibliotekarar slit med å ta vanskelege avgjerder om kva bøker som må kastast, og til slutt veks bokhaugen litt over hovudet på ein.

– Nokre bøker gjer det vondare å kassere enn andre. At ingen har hatt lyst til å lese om spøkelsesgjengen på ponnigården frå syttitalet syns eg er trist sidan eg hadde so stor glede av den då eg var ung, men realiteten er at den har ikkje vore rørt på årevis, og då kan ikkje den stå i hylla og ta opp plass, seier Systad.

– Eg fann den boka i hylla her, og såg på lånekortet at eg hadde lånt den heile sju gongar då eg var lite. Eg skal innrømme at eg tok den med meg heim.

Eit folkebibliotek for alle

Faktabøker

FAKTA: Hyllemeter på hyllemeter med gamle og nye faktabøker. Men ein finn det meste på internett, og no skal fleire av hyllene vekk for å lage møteplassar og debattforum.

Foto: Martha Våge / NRK

I 2015 la Kulturdepartementet fram ein nasjonal bibliotekstrategi som skal legge betre til rette for å utvikle biblioteka som debatt- og litteraturhus. Mange av bøkene er no på fjernlager og må bestillast dersom nokon vil låne dei. Målet er å frigjere plass og ressursar til fleire arrangement og aktivitetar.

– Vi merkar at folk nyttar biblioteket annleis i dag enn tidlegare. Før kom dei gjerne for å låne ei bok og så gjekk dei heim. No sit dei her og les avisa, dei møter folk her og er med på forfattarmøte og temakveldar, seier Systad.

– Før hadde vi mange møtestader. Vi trefte kvarandre på postkontoret, lokalbutikken, legekontoret og liknande. No har vi ikkje so mange stader å møtast lenger. Biblioteka skal vere ein slik plass.

På denne heilt vanlege føremiddagen sit det også ei handfull sjeler på biblioteket i Førde og les aviser, møtepapir og bøker.

Folkebiblioteket er eit unikt konsept. Det ligg eit i alle kommunar, fulle av skattar som mange har bladd i før deg. Biblioteket er ein stad for alle, uansett storleik på lommebok, uansett kva side av elva du har vakse opp på. Du kan vandre rundt og kike i hyllene, stille og roleg, eller slå av ein prat med bibliotekaren om vêr og naboar og nye bøker.

Omreisande kasserings-gerilja

– Det er ikkje berre å kaste bøker, vi har ei fagleg vurdering i botn, seier Jannicke Røgler, leiar for Buskerudsgeriljaen.

Jannicke Røgler

GENERAL: Jannicke Røgler er leiar for Buskerudsgeriljaen som er ekspertar på kassering.

Foto: Sønstrød Fotografene

Buskerudgeriljaen er ei gruppe bibliotekrådgivarar frå Fylkesbiblioteket i Buskerud som reiser rundt for å hjelpe bibliotek med kassering. Sjølv om ein er biblioteksutdanna og flink i faget sitt, treng ein litt hjelp for å kome i gang, og då kan geriljaen vere til hjelp.

Sjå for deg at du skal ut å reise, og så finn du reiseguidar til Leningrad og Tjekkiaslovakia på biblioteket

Jannicke Røgler, Buskerudgeriljaen

Røgler har ein lidenskap for samlingsutvikling. Ho meiner at brukaren av biblioteket alltid skal kunne finne noko nytt.

– So lenge vi ikkje har ekspanderande vegger i biblioteka, so må vi kaste litt. Norske bibliotek har for mykje bøker i forhold til innbyggjartal, seier Røgler.

– Det gjer biblioteka i verste fall uoversiktlege og utdaterte, og kan føre til at vi faktisk låner mindre bøker. Sjå for deg at du skal ut å reise, og så finn du reiseguidar til Leningrad og Tjekkoslovakia på biblioteket.

Nokre bibliotek har opplevd å auke utlånet etter dei har kasta store delar av boksamlinga si. Der ein tidlegare ikkje har sett skogen for berre tre, er det no enklare å finne bøker ein vil lese. Men kva har skjedd med dei nesten fjorten millionar bøkene som har forsvunne dei siste ti åra?

– Dei bøkene som er i god stand og ikkje inneheld faktafeil sel vi, nokre gir vi vekk til institusjonar eller andre bibliotek, og ganske mange kastar vi. Og nokre arkiverer vi og sender til Nasjonalbiblioteket si avdeling for fjernlån i Mo i Rana, seier bibliotekssjef Systad.

Gøymt i eit fjell i tusen år

Nasjonalbiblioteket Mo i Rana

TUSENÅRSPERSPEKTIV: På fjellageret i Mo i Rana vert bøker lagra i tusen år.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

Fjernlageret til Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana er eit svært fjellager, der bøker skal kunne vere lagra i tusen år. Når ei ny bok vert utgjeven i Noreg, plikter ein til å gi fem eksemplar til Nasjonalbiblioteket. Nokre går ut i omløp, men ei bok vert alltid lagra i fjellet i Nordland slik at dei som kjem etter oss kan forske på kulturen vår om tusen år.

For bøker er kultur. Bøker er ytringsfridom og kunnskap. For lenge sidan var bøkene teikn på at ein var kunnskapsrik og pengesterk. Dersom ein ville halde nokon nede, kunne ein gjere det ved å ta vekk bøkene.

Då forsvann tilgong til kunnskap og ytringar. Bokbål og konfiskeringar av trykkeri er effektive verkemiddel. Kanskje er det derfor noko inni oss skurrar når vi ser det vert kasta bøker i mengder. Kanskje er det også derfor det er so viktig at vi kan lagre dei i eit kjølig fjellager i tusen år.

Eit personleg bibliotek

Eg håper ikkje de hiv dei!

Marta Aase Viken, bruker av biblioteket

Tilbake på Førde bibliotek står dei og småpratar i skranken. Marta Aase Viken har bestilt ei bok som no endeleg er komen, «Godtfolk – rapport frå barndomens fagre Stryn». Viken har gått på skule med forfattaren, og ho har lyst å lese den før ho skal treffe han på klassetreff seinare.

– Det er fint at dei tek inn litt spesielle bøker her, og slikt som er lokalt synest eg dei skal ha. Og so slepp eg å kjøpe det sjølv då, eg har nemleg ikkje plass til fleire bøker heime, fortel Viken.

Til sals

TIL SALS: Bøker som ikkje er slitne eller utdaterte vert lagt ut for sal

Foto: Martha Våge / NRK

Det velkjende plassproblemet er like aktuelt på biblioteket som heime hos Viken.

– Eg håper ikkje de hiv dei, utbryt Viken då ho skjønar at dei kasserer for harde livet på Førde bibliotek.

Bibliotekssjefen forklarar roleg kvifor det er viktig å kassere, og Viken stoler på at dei veit kva dei held på med.

Det som er i god stand, vert sett i ei hylle ved inngangen merka til sals. For fem kroner kan du ta med deg ei god historie mellom stive permar heim.

– Eg forstår at folk synest det er rart at eit bibliotek kan drive å hive bøker, eg synest heller ikkje det er noko kjekt, seier Systad.

– Men viss biblioteket berre er bøker, kven skal då bruke dei? Vi må ha betre plass til menneska.