Simon og Siri
Foto: Martha Våge / NRK

Einsamt i trivselsfylket

STRYN (NRK): Simon og Siri er nitten år gamle, går på skule i Stryn og opent skeive. Det er ein einsam affære i Sogn og Fjordane.

– Eg kjende meg heilt åleine. Eg visste ikkje om nokon som var som meg, seier Simon Kvile.

Trivselsfylket Sogn og Fjordane skil seg ut på statistikkane. Halvparten so mykje kriminalitet som landsgjennomsnittet, og dobbelt so mange frivillige lag og foreiningar. Fylket har blant anna den høgaste yrkesdeltakinga blant kvinner i landet, og gode skuleresultat. Men korleis er det å vere annleis i trivselsfylket?

Simon har alltid visst at han har vore homofil, men tenkte ikkje so mykje over det før han starta på ungdomsskulen. Då skulle alle ha kjærastar og vere forelska, og han kjende seg plutseleg veldig åleine. For det er ikkje so mange homofile i den vesle kommunen Gloppen i Sogn og Fjordane, ikkje som vi veit om i alle fall.

Etter Simon kom ut som homofil har han sjølv blitt den han sakna då han var yngre. Ein å snakke med, som har opplevd det same som ein. Han treff mange folk gjennom forskjellige organisasjonar han engasjerer seg i, og reiser mykje rundt i fylket. Han får ofte meldingar frå folk som lurer på korleis det er å vere open homofil, korleis det var å kome ut, korleis familien hans tok det.

Kanskje vi må ha litt større tillit til folk rundt oss

Simon Kvile

Familie og vener vart litt overraska, men reagerte ikkje negativt. Simon trur mange er redd for å kome ut fordi dei ikkje veit korleis folk rundt ein vil reagere.

– Kanskje må vi ha litt større tillit til folk rundt oss. Eg har ikkje møtt nokon negative reaksjonar, det var litt overraskande i grunn. Eg trur at dei som er negative berre er usikre og veit for lite om det, so då må dei berre spør, seier Simon.

No går han reiselivslina ved Stryn Vidaregåande skule, og gler seg til å flytte til Oslo til hausten. Sjølv om han er glad i heimfylket, vert det for smått når det kjem til karriere og kjærleik.

– Eg vil jobbe i eit reisebyrå kanskje. Og eg har lyst på kjærast. Eg vil bli ein del av eit større skeivt miljø, der eg treff folk som er som meg, seier Kvile.

På Telegrafen

UNGDOMSKAFE: Det vert mykje biljardspeling etter skulen for hybelbuaren Simon. Siri bur heime, men er ofte med på Telegrafen.

Foto: Martha Våge / NRK

På ungdomskafeen Telegrafen i Stryn heng Simon nesten kvar dag etter skulen. Som regel i lag med klassevenninna Siri. Ho er også nitten år og skeiv. Bifil. Ho har hatt både gute- og jentekjæraster.

Siri Nikoline Tenden er frå Stryn og fortalde mora si at ho var bifil allereie på ungdomsskulen. Familien tok det fint og er glade for at ho er ærlege med dei.

Jenter er greitt, men ikkje sunnmøringar!

Far til Siri

– Eg grua meg litt til å fortelje faren min at eg hadde fått jentekjærast, men han tok det greitt han, also. Det var verre med ein kjærast eg fekk meg seinare, fortel Tenden.

– Pappa spurte kva ho heitte, men denne gongen var det ein gut. Pappa vart kjempesint og snakka ikkje med meg før vi gjorde det slutt. Det var ikkje fordi han var gut, men fordi han var frå Ulsteinvik. Jenter er greitt, men ikkje sunnmøringar!

No vil dei to nittenåringane vere med på å starte opp eit lokallag av Skeiv Ungdom, ein organisasjon som jobbar for å sikre rettar for unge som ikkje identifiserer seg som heterofile, og å skape tilbod for skeive ungdommar over heile landet.

Simon og Siri

ENGASJERTE: Simon Kvile og Siri Nikoline Tenden i sofaen på Telegrafen i Stryn

Foto: Martha Våge

Det er ingen grunn til å tru at det er færre skeive i Sogn og Fjordane enn i andre deler av landet

Sunniva Jarmann, Skeiv Ungdom

Sogn og Fjordane er eitt av berre tre fylke som ikkje har ein organisasjon som arbeider for skeive. Felles for fylka er store avstandar, få innbyggjarar og dårleg utbygd kollektivtrafikk. Distriktsrådgjevar i Skeiv Ungdom, Sunniva Jarmann seier det absolutt er behov for ein slik organisasjon også i Sogn og Fjordane.

Sunniva Jarmann

RÅDGJEVAR: Sunniva Jarmann, distriksrådgjevar i Skeiv Ungdom

Foto: Jorid Bakken Steigum

– Det er ingen grunn til å tru at det er færre skeive i Sogn og Fjordane enn i andre deler av landet, og vi syns at Sogn og Fjordane fortener eit skeivt miljø slik at dei ikkje treng å flytte til Oslo for å treffe andre skeive, seier Jarmann.

– Vi veit at mange skeive vel å flytte til større byer, og at det er færre enn gjennomsnittet som vel å flytte tilbake. Det er trist at skeive ikkje kjenner seg heime i heimbygda si, og det er so klart eit tap for bygda og.

Organisasjonen vil starte med å skape aktivitetsgrupper i fylket slik at unge kan samlast og møte andre som deler dei same erfaringane som ein sjølv. Simon og Siri gler seg til å vere med på samlingane.

– Vi er mange fleire enn folk trur, og det vil kome ut fleire når vi vert meir synlege. Kanskje viser det seg at heile 40 % av Sogn og Fjordane er skeive, seier Siri lattermildt

– Det er mange som trur at ein er homofil, lesbisk eller heterofil. Men det finst so mange fleire måtar å vere skeiv på, fortset ungdommane medan dei tel på fingrane.

– Bifil, aseksuell, panfil, homofil, lesbisk, trans, genderfluid, ehm, det finst mange fleire also, viss vi skulle skrive ei setning med alle måtane ein kan vere skeiv på hadde den blitt mange meter lang, seier Kvile.

Fleire skeive som ikkje flytter heim

– Sjølv om dei fleste skeive lev gode liv, veit vi at det er ei gruppe som er overrepresentert når det kjem til psykiske helseplager og rus, seier sosiolog Helga Eggebø.

Helga Eggebø

SOSIOLOG: Helga Eggebø, forskar bak rapporten 'Skeiv på bygda', 2015

Foto: Karoline O. A. Pettersen

Eggebø er tilsett ved senter for kunnskap og likestilling, KUN, og har forska på å vere skeiv på bygda. Ho meiner styresmaktene må ta ansvar for å skape gode og inkluderande lokalsamfunn for skeive, gjennom å heve kompetansen til skular og andre offentlege tilbod.

– Mange unge skeive opplever å bli mobba på skulen, og det seier seg sjølv at dersom ein har ein kjip oppvekst og opplever å ikkje føle seg heime i bygda si, so er det mykje enklare å flytte til ein annan stad og ikkje kome tilbake, seier Eggebø.

Kanskje handler det ikkje om haldningar, men om manglande kunnskap og kompetanse

Helga Eggebø, Sosiolog

– Bygder som vil hindre fråflytting må ikkje undervurdere kor viktig det er å ha gode, inkluderande lokalsamfunn, der det er rom for menneske som ikkje nødvendigvis passar inn i det ein trur er "normalen".

Eggebø seier at det både er skeive som trivest på bygda og at det er skeive som ikkje har gode opplevingar med å bu på bygda. Nokon har blitt mobba og trakassert, medan andre kjenner seg trygge i eit lokalsamfunn der alle kjenner alle, og ein slepp å kome ut kvar gong ein treff nye folk.

– Mange trur det er automatisk kjipare å vere skeiv på bygda, men det har vi ikkje belegg i forsking for å seie. Kanskje handlar det ikkje om haldningar, men om manglande kunnskap og kompetanse, seier Eggebø.

Må lære opp dei vaksne

Både Simon og Siri flytter til Oslo til hausten. Dei ønsker seg praksisplassar i større reisebedrifter, og har søkt på mykje forskjellig. Simon har allereie vore på intervju i flyselskapet Norwegian, men kom ikkje vidare.

– Eg er spent på kva praksisplass eg ender opp med. Uansett vert det kjekt å bu i storbyen, seier Simon.

Frå eit liv i rolege Sogn og Fjordane til larmen i hovudstaden. Dei vil lære seg sjølv å kjenne, få svar på dei viktige spørsmåla. Då må dei til byen. I heimfylket finn dei ingen svar, her er det dei som må dele av kunnskapen sin.

– Det er belastande for skeive unge, at verken lærarar eller helsepersonell har nok kunnskap om seksualitet og kjønnsidentitet. Ofte opplever ungdommane at dei må lære opp dei vaksne, og slik skal det ikkje vere, seier Jarmann i Skeiv Ungdom.

Vi er alle heterofile til det motsette er bevist

Sunniva Jarmann, Skeiv Ungdom

Siri kjenner seg igjen. Ho flirer då ho fortel at læraren deira snakka til Simon om ei framtid der han skulle få seg kone og born. Til slutt måtte Siri seie at det var meir sannsynleg at ho ville få seg kone og born enn Simon.

– Heile samfunnet er basert på eit heterofilt utgangspunkt, vi er alle heterofile til det motsette er bevist, og det gjer at ein heile tida kjenner seg annleis, og at ein heile tida må kome ut til nye menneske. Det er slitsamt, seier Jarmann.

Det gjeld ikkje berre seksualitet, men kjønnsidentitet og. Samfunnet går ut ifrå at alle er cis, also at alle har same kjønnsidentitet som det kjønn ein vart tildelt ved fødsel. Men slik er det ikkje.

Nittenåringane i Stryn vil at Skeiv Ungdom Sogn og Fjordane skal vere ein møteplass der ingen treng å kome ut kvar gong ein treff nye folk. Der ein berre kan vere seg sjølv, og ikkje måtte svare på dumme spørsmål, spørsmål om kven som er dama i forholdet mellom to menn. Simon flirer litt, men det er i grunnen ikkje so morosamt.

Fire av ti vert mobba

Skeiv Ungdom har nyleg gjennomført ei undersøking som syner at heile fire av ti skeive ungdommar har blitt mobba eller trakassert på skulen på grunn av seksuell orientering. Den syner og at det er for lite kunnskap og mangelfull seksualundervisning på skulane.

Simon og Siri meiner skulane i fylket må kome på bana og gjere jobben sin, å sørge for at elevar ikkje vert mobba eller trakassert uansett legning. Dei er sikre på at foreldre og andre unge ikkje meiner å vere fordomsfulle, men at dei berre ikkje veit nok om seksualitet og kjønnsidentitet. Dei tek no på seg å svare på spørsmål og fortelje det dei kan om korleis det er å vere skeiv, eller å ikkje svare til norma som tilseier at alle er heterofile og cis.

– Det er klart det kan vere tungt å alltid måtte svare på alle slags spørsmål, men dersom det kan føre til at nokon fleire tør å vere seg sjølv, so er det verdt det, samstemmer Simon og Siri.