Opseth ved Gardermobanen

Samferdselsminister Kjell Opseth legger 'grunnsvillen' til Gardermobanen i 1996.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– Samarbeidet med Gro var eineståande

"Hestehandlaren" Kjell Opseth er blitt bok. Opseth sjølv hyllar samarbeidet med Gro Harlem Brundtland.

– Samarbeidet med Gro var heilt eineståande, vi hadde eit sterkt ynskje at vi skulle betre det som kunne betrast her i landet, seier Kjell Opseth til NRK.

Kjell Opseth er blitt 80 år, og i dag kjem biografien "Hestehandlaren Kjell Opseth" om den omstridde samferdslepolitikaren, statsråden og Ap-mannen frå Førde.

Gro sin harde kjerne

Kjell Opseth tilhøyrde Gro Harlem Brundtland sin harde kjerne av statsrådar, og sat i same stolen i alle seks åra med Gro som regjeringssjef. Berre fire personar fekk oppleve dette, Sigbjørn Johnsen, Gunhild Øyangen og Thorbjørn Berntsen. Totalt var 43 statsrådar innom dei totalt 25 ministerpostane under Gro si regjeringstid.

Forfattar av boka, Dag H. Nestegard har intervjua Gro i samband med boka.

– Eg høyrer jo kor begeistra ho var for det Kjell Opseth fekk til. Både Brundtland og Opseth er praktiske og pragmatiske typar som vil ha ting gjort, eg trur dei to var like i måten å tenke politikk på.

Ap-toppar jubla

HARD KJERNE: Kjell Opseth var ein av Gro sin harde kjerne av statsrådar; her saman med andre sentrale partifolk på 90-talet: Oddny Aleksandersen, Grete Knudsen, Gunnar Berge, Gro Harlem Brundtland, Thorvald Stoltenberg og Kjell Opseth.

Foto: Mikalsen, Helge / VG

Kjell Opseth har ikkje sjølv fått lese boka om seg sjølv, men er samd i Nestegard sitt inntrykk av han og Gro.

– Det er ikkje tvil om at vi fann kvarandre i det aller meste. Sjølvsagt var det diskusjonar i ein del saker, men vi fann løysingar på det også. Stort sett trur eg folk synest det som skjedde var rimeleg bra.

Kjell Opseth

BIOGRAFI: Kjell Opseth vitja NRK-studio i dag.

Foto: Steinar Lote / NRK

Vart truga med riksrett

Opseth vart truga med riksrett etter at han fekk Stortinget til å vedta storflyplassen på Gardermoen. Etter ein vidgjeten hestehandel med SV fekk han også gjennom Lærdalstunnelen, den lengste vegtunnelen i verda.

Tunnelen på E16 revolusjonerte samferdsla i Sogn og Fjordane, og var også heilt sentral for fleire seinare veginvesteringar, no er den avgjerande for om framtidas stamveg mellom aust og vest skal gå via Sogn.

– Satsa faktisk mest på Austlandet

Opseth fekk stempelet som heimstadpolitikar, men i fylgje forfattar Dag H. Nestegard er stempelet strengt tatt ufortent.

Dag Nestegard, redaktør i bok og samfunn

FORFATTAR: Dag H. Nestegard har skrive bok om Kjell Opseth.

Foto: Hilde Fougner

– Om du nemner "Kjell Opseth" til nokon austpå kan fort folk bli bryske, om du seier Opseth til nokon på Vestlandet byrjar dei å le. Men det er ein myte at han favoriserte heimfylket. Tidlegare vegdirektør Terje Moe Gustavsen har gått gjennom dei harde tala, og Opseth gjorde aller mest for Austlandet faktisk, seier Nestegard.

Opseth sjølv er samd:

– Det skjedde på Austlandet fordi det var eit særleg stort behov. Det var ikkje slik at eg gløymde distrikta, men investeringane på Austlandet måtte gjerast før eller sidan, og då var det like greit å få det gjort, så fekk vi ta distrikta i neste omgang.

Det høyrer med til historia at i Sogn og Fjordane var det ein vegrevolusjon på 90-talet, med ti nye store tunnelar.

Avtalt spel om Gardermoen

I boka kjem det fram korleis strategen Opseth jobba for å sikre fleirtal i Stortinget for å bygge Gardermoen.

Feiring av Gardermoen

FEIRING: Stortinget landa på Gardermoen som hovedflyplass. Full siger for Opseth og Gardermoen.

Foto: Evensen, Jon Petter / Aftenposten

Nestegard har fått tilgang til referat frå granskinga av Gardermoen-vedtaket. Der stadfestar Opseth i avhøyr hjå jussprofessor Eivind Smith at Gardermoen-vedtaket var avtalt spel, og at avtalen med mellompartia kom på plass delvis kvelden før, og delvis på morgonen den dagen saka skulle avgjerast.

– Kjell Opseth fekk, saman med AP sin parlamentariske leiar, Stortinget til å gå vekk frå den vanlege voteringsrekkefølgja. Slik fekk dei parkert Høgre, og fekk fleirtal for Gardermoen. Det er eit studie i avansert strategisk politisk tenking.

Opseth var sjølv ikkje hundre prosent sikker på å vinne då han gjekk inn i Stortinget.

– Sikker er eit sterkt ord, men vi hadde førebudd oss på dette over tid, og hadde god tru, vi visste nokonlunde kor vi hadde folk. Det viktigaste er at vi fekk det slik som eg ønskte, og det har synt seg at resultatet vart rimeleg bra.

Opseth i Stortinget

MANN MED EIN PLAN: Oslo 18 desember 1990. Hovedflyplass på Austlandet - flyplassdebatt i Stortinget. Blir det Hurum eller Gardermoen? Kjell Opseth på Stortinget under flyplassdebatten.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Jens Stoltenberg har seinare gitt Opseth æra for at Gardermoen vart bygd, med den tilhøyrande Gardermobanen. Opseth vart møtt med trugslar om riksrett, men granskinga førte til at ein samla opposisjon utanom Frp gjekk vekk frå kritikken, mange meinte han vart ufortent mobba og hetsa.

– Det er alltid slik at folk som er usamde med ein statsråd vil bruke sterke uttaler. Då er det godt å stå på at ting er grundig vurdert og rett, då går det som regel vegen. Det plaga meg ikkje, men krevde ein ekstra innsats som gav resultat, seier Opseth i dag.

– Tidenes samferdsleminister

Forfattar Dag H. Nestegard frå Svelgen meiner Opseth er tidenes norske samferdsleminister.

– Det viktigaste for Opseth har vore å få ting gjort, å sjå resultat på bakken. Han virka lite oppteke av seminar og lange prosessar, han vil ha konkrete resultat og det fekk han til gangs.

Kjell Opseth var statsråd i Gro Harlem Brundtland og Thorbjørn Jagland sine regjeringar i til saman sju år, og var stortingsrepresentant frå 1981 til 2001, til saman fem periodar.

Kjell Opseth får æresbevis frå Kjersti Stenseng

Kjell Opseth vart i mai heidra av generalsekretær Kjersti Stenseng i Arbeiderpartiet.

Foto: Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Opseth sjølv seier til NRK at ambisjonane om posisjonar i politikken vaks etterkvart som han såg moglegheitene

– Det kom sakte men sikkert, og eg er jo glad for å kunne seie i ettertid at eg var heldig som fekk jobbe meg fram til ein slik posisjon. Det var mange oppgåver, noko gjekk jækla bra og andre ting gjekk mindre bra, smiler sunnfjordingen.

Er det ting som ergrar deg, som du ville ha gjort noko med før du trakk deg tilbake?

– Ikkje så mykje av det som er gjennomført, men det er ein del av det som føregår der inne i dag som eg gjerne skulle ha fått gjort noko med, men det får eg vel berre late vere då, flirer Opseth.