Hopp til innhold

WhatsApp-gründeren sin luksusyacht på tokt i vestlandsfjord

Yachten på 73 meter ruver i fjorden 400 meter frå land. Men bygdefolket aner ikkje kva dei på båten gjer på om dagane.

Luksusyachten Mokambo

LUKSUS: Produsenten av «Mogambo» seier at yachten har eit litt maskulint uttrykk.

Foto: Christian Blom

«Mogambo» betyr «den store» og er namnet både på ein Oscar-nominert film frå 1953 og ein luksusyacht som har tatt turen til Vestlandet.

Sidan han dukka opp i Lustrafjorden tysdag har det vore god trafikk til og frå yachten.

Men ingen av bygdefolket NRK har snakka med veit kor båtfolket tar vegen om dagen.

– Hos oss har dei ikkje bestilt rom, seier Øystein Magnus Grødem Tveit, dagleg leiar i Luster Fjordhytter.

Frå der Grødem Tveit held til kan han sjå rett ut til der «Mogambo» ligg.

Det er kanskje ikkje så rart at båtturistane ikkje bur på hytte. Om bord i yachten er det plass til 12 gjester i «svært komfortable lugarar», ifølgje fleire kjelder på nettet.

I tillegg kjem eit mannskap på 17-20 personar.

Lustrafjorden

Ingen har sett Mogambo på ei stund. Men det er fordi det har blitt jobba med oppgradere yachten innvendig.

Foto: Christian Blom

Luksusyachten er eigd av techgründaren Jan Koum, som stod bak meldingstenesta WhatsApp.

Han skal ha tent 6,8 milliardar dollar då han selde selskapet til Facebook. Båten skal ha kosta 75 millionar dollar, i tillegg til drivskostnadar på ein handfull millionar dollar i året.

Men det er eit mysterium om det er Koum sjølv som har tatt luksusen sin ut på tokt.

– Eg visste ikkje noko om dette før du ringde meg opp no, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

Han legg til han kan telje på ei hand kor mange slike båtar dei får inn fjorden i året. «Mogambo» skal vera den 236. største yachten i verda.

Kanskje på laksefiske?

Ordførar Kvalen er sjølv på fiskeferie i Lofoten.

Og kanskje det er fisk gjengen på «Mogambo» vil ha tak i når dei no er på vestlandstokt?

Heilt inst i Lustrafjorden i Skjolden renn nemleg Fortunselvi ut.

Ein god plass å fiske laks.

Men ingen av grunneigarane NRK har vore i kontakt med veit noko meir om dei som held til på luksusyachten.

– Ingen har vore her, så vidt eg veit, seier grunneigar Kjell Arvid Nyhus.

NM-kvalik i vassklie i Lustrabadet

Gjengen ute på luksusyachten har kanskje kinorom, gym og basseng. Men dei må til Lustrabadet for å finne ei kul sklie.

Foto: Tage Moen

Vanskeleg å finne

Inst i fjorden ligg og den kjente DNT-hytta Fuglesteg som er mykje besøkt av fotturistar på sommaren.

Men det ser ikkje ut som at nokon frå den mystiske luksusbåten har snørt på seg fjellskoa.

– Eg har ikkje fått melding om nokon milliardær på hyttene våre, seier leiar i Luster Turlag, Oddstein Haugen.

Kople av

Sjølv om luksusyachten er veldig stor og fin, er ikkje utandørsbassenget på båten mykje å skryte av.

I ein våt vestlandssommar er det mange som har tatt turen til Lustrabadet.

Dagleg leiar for badet, Kent Monsen, må dessverre gi NRK eit skuffande svar på spørsmålet om det kan vera på grunn av dei at yachten er i Luster.

– Ingen milliardærar her heller.

Ordførar Kvalen trur han har svaret på kvifor «Mogambo» har tatt turen til kommunen.

– Som alle oss andre treng også milliardærar å kople av.

Suppleybåt

Yachten er så stor at han har med seg ein eigen supplybåt. Der kan ein lande eit helikopter.

Foto: Christian Blom