Hopp til innhold

Sju gongar pressa vart bløffa

Satirikar Thomas Teige meiner pressa kan ha godt av å bli lurt slik som Reuters og NRK vart av ein falsk Trump-supporter nyleg.

Thomas Teige og NRKs Satiriks forteller streikende skoleungdom a

Thomas Teige i rolla som tidlegare utviklingsminister Dag Inge Ulstein.

Foto: Gunhild Hjermundrud / NRK

Førre veke vart ein komikar frå talkshowet Jimmie Kimmel Live, som gav seg ut for å vere ein demonstrerande Trump-tilhengar, intervjua av nyheitsbyrået Reuters.

NRK var blant fleire nyheitsmedium som publiserte intervjuet med den gråtkvelte komikaren utanfor rettssalen der Donald Trump blei funnen skuldig i dokumentjuks.

NRK sin utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen har beklaga publiseringa av intervjuet.

Ny statsråd?

Det var veldig smart og bra gjennomført. Det er sånt som varmar hjartet mitt, seier Thomas Teige om stuntet.

Teige gjorde fleire liknande stunt då han jobba i humorprogrammet Satiriks.

I 2019 lurte Teige for eksempel fleire til å tru at han var dåverande utviklingsminister Dag Inge Ulstein.

Då Ulstein skulle ta over ministerkontoret stilte Teige opp og vart intervjua av VG.

– Og vi kunne dratt det lenger. VG ville ha meg med inn på kontoret til nøkkeloverrekking med avtroppande minister. Men då klarte eg ikkje stå i spøken lenger.

Thomas Teige lurer VG-journalist Espen Breivik.

Thomas Teige lurte VG.

Foto: VG / Screenshot

Meiner pressa kan bli betre av å bli bløffa

Teige meiner jaget etter å vere først ute med siste nytt er det som gjer pressa sårbare for å bli lurt.

«Rushet» går litt utover kjeldekritikken og det gjev oss satirikarar spelerom til å lure litt overivrige journalistar, seier han.

Han meiner journalistikken kanskje er viktigare i dag enn nokon gong før, men syntest likevel at det er riktig «å kødde med svakheitene som finst i pressa si dekning.»

– Dette kan gjere journalistar meir kjeldekritiske. Det håper eg at dette Jimmy Kimmel-stuntet kan gjere i USA òg.

Vaktbikkja si vaktbikkje

Tidlegare var det vanleg at norske nyheitsredaksjonar publiserte falske nyheiter den første april.

På grunn av nye utfordringar med desinformasjon, betre kjent som «falske nyheiter» på nett, har mange redaksjonar slutta med «aprilsnarr!».

Thomas Teige meiner pressa gjer riktig i å overlate bløffinga til andre.

Nyheitsredaksjonane er dei som skal bere fakta. Dei skal vere seriøse. Og det var også poenget med stunta vi gjorde i Satiriks. Av og til gløymer journalistar å vere kritiske nok. Dei er ute etter å vere først, og det kan straffe seg, seier Teige.

Det er den vaktbikkjerolla satiren har.

«Lookalikes»

Teige trekker fram britiske Obaah Butler som ein av dei dyktigaste aktive pressebløffarane.

– Synes spesielt det var morosamt då han sende «lookalikes» av seg sjølv på intervju verda over, seier Teige.

Obaah Butler lookalike.

Obaah Butler lurte fleire nyheitsmedium med å sende personar som likna på han til intervju.

Foto: VICE / Screenshot

Prince Harry-blåmerket

Thomas Teige trekker også fram britiske Joe Lycett som ein av dei beste aktive pressebløffarane.

I mai avslørte Lycett at han hadde planta nyheiter av den utrulege sorten, som eigentleg var oppspinn, i fleire britiske medium.

Mellom anna lurte Lycett og teamet hans den britiske tabloidavisa Daily Mail til å skrive ein artikkel om ein fotballspelar som hadde pådratt seg eit blåmerke som likna på Prins Harry.

Skrønepakka Lycett og gjengen hans lagde, som også inkluderte fiktiv forsking om at menn frå Birmingham har lengst penis på balløya, vart omtalt av fleire store britiske medium, skriv The Guardian.

Screen shot av prince harry og eit blåmerke som liknar på han omtalt i daily mail. Saka er ein falsk nyheit.

Daily Mail gjekk fem på den falske historia om eit blåmerke som likna på Prins Harry.

Foto: Screengrab fra Daily mail.

Tviler på at det er negativt for tilliten til pressa

Medievitar Johan Magnus Dahl ved Universitet i Bergen meiner mediekritikk er ein viktig del av moderne satire.

– Det har vore ein diskusjon i satiremiljøet om at sketsj og parodi ikkje fungerer lenger, så slike «pranks» er eit svar på det, seier Dahl.

Han er einig med Teige i at stunt som lurer pressa kan føre til nøyare kjeldekritikk.

Og tviler på at slike bløffar har konsekvensar for publikum sin tillit til pressa. Han ønskjer heller ikkje å setje noko grense for når denne typen humor er greitt eller ikkje.

– Dette er oppover-sparking. Går journalistar og redaksjonar fem, på kan dei takke seg sjølve, seier Dahl.

Svoltestreik mot Tesla

I 2022 vitja Elon Musk Noreg. Humorprogrammet Erlend og Steinar hjelper deg – nytta høve til å arrangere svoltestreik for misfornøgde norske Tesla-eigarar. Demonstrasjonen gjekk viralt i internasjonal presse.

Tesla hunger strike

Humorprogrammet Erlend og Steinar hjelper deg fekk nyheitsdekning i fleire internasjonale medium, mellom anna CNN då dei arrangerte svoltestreik for frustrerte Tesla-eigarar.

Foto: CNN screenshot

Sendte KI-genererte svar til Dagbladet

Men elles? Kven driv med satirisk bløffing av pressa i Noreg i dag?

I april avpubliserte Dagbladet eit intervju med komikar Harald Eia fordi han hadde sendt KI-genererte svar til spalta Leselyst via e-post.

Medievitar John Magnus Dahl kjem ikkje på nokon nyare eksempel i farta.

– Det verkar til å vere meir utbreidd i Storbritannia og USA – kvifor det?

–Teorien min er små miljø. Norske journalistar og redaksjonar har blitt verkeleg fornærma av dette og freista å stoppe det så godt dei kan. Å stå opp mot mediekollegaene har høg kostnad. I tillegg får desinformasjon-forståinga av satire ofte dominere, seier han.

Vart kasta ut av Dagsnytt 18

Dahl viser til korleis NRK reagerte etter at Satiriks kødda med Dagsnytt 18 som eit eksempel på korleis norsk presse reagerer negativt på å bli bløffa.

I eit ferskt intervju med Rød løper sa komikar Yousef Hadauoi, som gjennomførte bløffen, at det har øydelagt mykje for han seinare:

– Eg har mista mykje jobbar og sånt fordi folk trur eg er ein useriøs fyr. Folk trudde eg var på ecstasy.

Oppførselen hans i studio gav først meining etter at Satiriks redigerte inn ein animert ulv som gjerne ville vere med i debatten.

Her er innslaget utan ulven:

- Der er døren, sier programleder Espen Aas. Komiker Yousef Hadaoui forklarer at opptrinnet var et forsøk på satire.

– Der er døra, seier programleiar Espen Aas. Komikar Yousef Hadaoui forklarte seinare at opptrinnet var eit forsøk på satire.

Meiner «media pranks» kan svekkje truverdet

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Elin Floberghagen seier det er veldig krevjande for pressa å verifisere og faktasjekke informasjon. Utviklinga av kunstig intelligens og deepfakes har ikkje gjort det enklare.

Floberghagen meiner det er lett å seie at pressa ikkje burde vere hårsåre når det kjem til «media pranks», men at ein må lese reaksjonane på slike «stunt» i lys av denne utviklinga.

– Når faktasjekken skal skje på direkten, blir det endå vanskelegare å verifisere. Om denne typen «pranks» breier om seg, kan det svekkje truverdet til journalistikken, om ein ikkje klarer å avdekke det, seier ho.

Ho viser til at pressa ønskjer å vite kven dei snakkar med, kva info dei bringar vidare og at infoen er frå den pressa trur den er.

– Det betyr ikkje at alle slike «pranks» er til skade for pressa, men ein må lese norske redaksjonar sin varsemd rundt det i det lyset, seier Floberghagen.

Ho meiner Dahl og Teige kan ha rett i at pressa blir meir kjeldekritiske av å bli lurt.

– Ein må vere årvaken nok til å sjå «kva var dette?», «var dette riktig?» og dei spørsmåla kjem kanskje raskare etter slike opplevingar, seier ho.

Falskt vêrbilde

Floberghagen viser til då NRK Sørlandet i januar publiserte eit KI-generert bilde i ei sak om snøkaoset på Sørlandet utan å vite at det var falskt, som eit eksempel.

– Det førte til at NRK vart meir varsame med å ta inn publikumsbilde, seier Floberghagen.

– Mistar ein ikkje også noko då? Publikumsbilde har vore veldig populært både i nyheitsredaksjonar og hos innsendarane.

– Det er nettopp derfor eg trur mange vil vere kritiske til denne typen «pranks». Ein er opptatt av at det pressa bringar til torgs skal vere truverdig og at kjelda er den dei utgjer seg for å vere, seier generalsekretæren i Norsk Presseforbund.

Lurte klimademonstrantar

Det er sjølvsagt ikkje berre pressa som kan bli lurt.

Same år som Teige lurte VG, stilte komikaren i samarbeid med Natur og ungdom opp som Ulstein igjen og talte for skuleungdom som brølte for klimaet.

Han lovde dei tøffare klimatiltak på vegner av den dåverande regjeringa og mange vart skuffa då dei skjønte at det ikkje var statsråden som talte.

Strengt talt var det ikkje pressa som gjekk fem på her, men vi tar med videoen likevel:

NRK Satirisk ble introdusert som ny statsråd på klimastreiken

NRK Satirisk vart introdusert som ny statsråd på klimastreiken

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger