Hopp til innhold

Vy vil kutta avgangar på Bergensbanen: – Det motsette av det me treng

Vy føreslår å kutta talet på daglege avgangar mellom dei to største byane i Noreg frå seks til fire. Det reagerer Naturvernforbundet sterkt på.

EL 18 lokomotiv på Bergen stasjon

AVGANGSKUTT: Vy foreslår å redusera talet på avgangar mellom dei to største byane i Noreg.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

I 2019 kunne Vy slå i bordet med at det var stor tilbodsauke på Bergensbanen og Vossebanen, og at det var ei auke 30 prosent i togtilbodet.

«På Bergensbanen øker vi til seks daglige avganger. Tilbudet gir en tilnærmet totimersfrekvens på morgen og ettermiddag», kunne ein "stolt konserndirektør", Arne Fosen, seia i ei pressemelding den gong.

Slik er det ikkje no lenger.

Vy føreslår nemleg å gå ned frå seks til fire avgangar mellom Bergen og Oslo. Det er fordi dei meiner det er manglande passasjergrunnlag når sommaren er over.

Strekninga Oslo – Bergen er ein av dei mest trafikkerte flyrutene i Europa. I snitt går det fly mellom byane 18 gongar dagleg.

– Det motsette av det me treng

Holger Schlaupitz er fagsjef i Naturvernforbundet, og togentusiast. Han meiner færre avgangar er dårleg for passasjerane.

– Det er jo det motsette av det me treng. No er det behov for å kutta i flytrafikken for å få ned klimagassutslepp, seier Schlaupitz.

Holger Schlaupitz

Holger Schlaupitz i Naturvernforbundet er ikkje imponert over reduksjonane i avgangar mellom Bergen og Oslo.

Foto: Naturvernforbundet

Han viser til at trass i pandemi, har både Oslo og Bergen lufthamn mange reisande. I 2021 reiste i underkant av 2 millionar personar med fly mellom dei to byane.

Schlaupitz meiner dette er eit teikn på at det er eit behov for fleire togavgangar, ikkje færre.

– Det er eigentleg tida for Vy å satsa, og prøva å få dei passasjerane som kanskje er på veg tilbake til flyet, over på tog, seier Schlaupitz.

Grønt Vy-tog på Bergen Stasjon

Vy opplyser at reisevanane framleis er lågare enn det var før koronapandemien.

Foto: Espen Hatlestad / NRK

Meiner tog er beste reisemåte

Også togpassasjerar ergrar seg over at det vert færre avgangar.

– Det syns eg ikkje noko om. Eg syns me skal ha dei avgangane me har i dag, seier Åge Andersen.

Han bur i Hønefoss, og er flittig brukar av toget til og frå Austlandet, og andre stader.

65-åringen er blind, og meiner tog er den beste måten å reise over lengre strekningar i Noreg.

– Tog er jo miljøvenleg. I tillegg kan ein kjøpa seg noko lite i kafevogna, legga setet bakover og ta seg ein kvil, seier Andersen.

Åge Andersen

Åge Andersen håpar at Vy held fram med avgangane sjølv når ferien tek slutt.

Foto: Lidvard Sandven / NRK

Har ikkje passasjergrunnlag

Kor mange avgangar det blir, kjem an på Vy og Jernbanedirektoratet, som forhandlar om dette i august og september.

Kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby, seier at reisevanane til togpassasjerar vart endra under pandemien, og at det ikkje har stabilisert seg endå.

Åge Christoffer Lundeby, kommunikasjonssjef i Vy.

Åge-Christoffer Lundeby i Vy meiner det er naturleg å redusera avgangar når passasjergrunnlaget er lågt.

Foto: Vy

– Me ser for oss at me gradvis aukar opp til det nivået me hadde før pandemien, men grunnlaget er ikkje der endå, seier Lundeby.

Han er samd med Naturvernforbundet om at Vy må satsa, men understrekar at då må det òg vera nok passasjerar til det.

– Det er mindre miljøvennleg å køyra mange avgangar med få passasjerar, enn å køyra få avgangar med fleire passasjerar, seier Lundeby.

Jernbanedirektoratet, som forhandlar med Vy, meiner dei ikkje kan auka tilbodet før marknaden tilseier det.

Akkurat no meiner me at det er riktig å ligga på fire avgangar, seier kommunikasjonsdirektør i Jernbanedirektoratet, Ruth Høyland Jønsrud.