Hopp til innhold

Vurderer felles skule i indre Sogn

Ordførarar i Sogn vurderer no ein felles vidaregåande skule for heile regionen.

Sogndal vidaregåande skule

KAN BLI FELLES: Dei vidaregåande skulane i Sogn kan få felles rektor og administrasjon i framtida. Her frå Sogndal vidaregåande skule.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune/Birte Johanne Finstad

Tanken er å slå saman dei tre skulane i Sogndal, Luster og Årdal til ein felles skule med felles administrasjon.

Ivar Kvalen

Ordførar Ivar Kvalen i Luster meiner det er viktig å oppretthalde linjevala i Sogn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skulane i Luster og Årdal er nedleggingstruga og ordførar i Luster Ivar Kvalen meiner ein må sjå på ei løysing med ein felles vidaregåande skule.

–Det er absolutt eit tema som har vore diskutert, om det kan vere ein fordel å samle den vidaregåande skulen i Sogn under ein rektor. I dette arbeidet kjem vi til å sjå på alle typar modellar for å sikre ungdommen eit godt tilbod.

Fryktar mange må på hybel

Ein felles vidaregåande skule for heile Indre Sogn, lokalisert med avdelingar i Sogndal, Luster og Årdal, det er ein av ideane som ordførarane og regionrådet i Sogn no arbeider med.

Fleire av dei vidaregåande skulane i fylket er nedleggingstruga på grunn av synkande elevtal og dårlegare fylkeskommunal økonomi.

Senterpartiordføraren i Luster fryktar at om ein ikkje no samarbeider i regionen, vil mange elevar måtte flytte til Nordfjord og Sunnfjord for å bu på hybel.

– Vi er ikkje særleg glade for den konklusjonen i rapporten. Det er viktig å ha ein desentralisert skulestruktur. Det er det beste for ungdommen vår, særleg for dei i Luster. Det er også viktig å ha linjevala i Sogn.

Jarle Aarvoll

STØTTAR IDEEN: Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal reagerer på at fleire unge kan måtte flytte til Sunnfjord eller Nordfjord.

Får støtte frå Sogndal

Og han får mykje støtte frå ordføraren i Sogndal, Jarle Aarvoll frå Ap. Han reagerer sterkt på at fleire fylkesdekkjande programtilbod vert plassert i Nordfjord. I framtida kan seks slike tilbod bli i Sogn, åtte i Sunnfjord og 12 i Nordfjord,. Det likar Aarvoll dårleg.

– Sogn har allereie i dag færre programområde enn både Sunnfjord og Nordfjord. Det vil få konsekvensar at fleire fylkesdekkjande linjer blir samla i Nordfjord. Dette vil føre til fleire hybelbuarar frå Sogn. Det vil blir eit dårlege utdanningstilbod til våre elevar,

Aarvoll vil ikkje forskottere ein felles vidaregåande i Sogn før konsekvensutgreiingane til fylkeskommunen er klare. Frykta no er at Sogneelevane reiser frå heimtraktene fordi det ikkje finst noko tilbod lokalt.

– Det kan ikkje vere noko mål å samle alt i ein del av fylket. Det vil sogne-elevane tape på, seier han.

– Finn oss ikkje i det

Luster vidaregåande skule er føreslegen nedlagt i alle Norconsult sine modellar for framtidig skulestruktur, medan Årdal er lagt ned i den siste av dei tre modellane. Ordførar Vidar Kvalen i Luster håpar regionen kan stå samla mot trugsmålet om nedlegging.

– Eg tolkar regionrådet slik at det viktig å få eit bra og breitt tilbod i regionen. Det er ikkje akseptabelt at ungdommane våre må reise til Sunnfjord og Nordfjord. Vi finn oss ikkje i det.