– Helse Førde har så langt handla innanfor dei fullmaktene dei har fått frå Helse Vest, og eg kan ikkje sjå at vi har nokon grunn til å gripe inn mot styret, seier Helse Vest-direktøren.
Diskuterer utskiftingar
Han seier at styret har diskutert utskiftingar for å få til ei fornying av styra i helseføretaka, og at dette blir vurdert i alle helseføretaka under Helse Vest utetter våren.
– Kan det som no har skjedd i Helse Førde vera med på å framskunde ei utskifting av styrerepresentantar?
– Det ønskjer ikkje eg å spekulere i. No forheld eg meg til mitt styre og min styreleiar, som igjen må forhalde seg til vår statsråd og departementet, seier Herlof Nilssen.
Lovar rapport
Helseminister Ansgar Gabrielsen krev ein skriftleg rapport om problema i Helse Førde etter at ein samla stortingsbenk frå Sogn og Fjordane møtte ministeren på torsdag for å uttrykke misnøye med styret i Helse Førde. (Sjå "Helseministeren krev rapport om problema i Helse Førde".)
– Det skal han få, lover Helse Vest-direktøren.
Noterer seg kritikken
– Stortingsbenken meiner at Helse Førde-leiinga fleire gonger har skapt unødvendige provokasjonar som er med på å svekka omdømmet til helsestellet i fylket. Kor alvorleg er påstandane som desse stortingsrepresentantane legg fram?
– Når dette er synspunkt som blir fremma av dei fremste folkevalde i fylket, så er det synspunkt som vi tek inn over oss og noterar oss, seier Herlof Nilssen.