Vurderer å flytte tradisjonsrenn

Det tradisjonsrike skirennet Even Hole Cup kan i år bli flytta frå Utvikfjellet til Jølster Skisenter. Årsaka er snømangel på Utvikfjellet, skriv Firda Tidend. Storslalåmrennet blir arrangert skjærtorsdag kvart år. Even Hole seier rennet høyrer heime på Utvikfjellet, og at det ikkje er planar om å flytte arrangementet permanent.