Hopp til innhold

Vurderer å bryte med Helse Førde

Ordførar Knut O. Aarethun i Lærdal vurderer å trekkje seg som kommunerepresentant i Helse Førde sitt strategiarbeid for lokalsjukehusa. 

Knut O. Aarethun
Foto: NRK

Men han avviser at han har gitt opp kampen for lokalsjukehus i Lærdal, sjølv om administrasjonen i Helse Vest har gjort det klart at dei støøttar vedtaket i Helse Førde om å legge ned ortopeditilbodet i Lærdal.

- Spel med vikarierande motiv

Ordføraren vurderer ifølgje Firda å bryte kontakten med Helse Førde etter det han oppfattar som eit spel, der det ligg vikarierande motiv bak argumentasjonen mot lokalsjukehusa.

Ikkje med på møte

Aarethun finn det vanskeleg å halde fram i "styringsgruppa for lokalsjukehusstrategi", og han vil ikkje vere med på på onsdagens møte i gruppa.

Han seier i ein e-post til prosjektleiaren i Helse Førde at han gjekk inn i styringsgrupp med det mål å finne ei arbeidsdeling mellom lokalsjukehusa og Førde sentralsjukehus. Men Aarethun har ikkje lenger inntrykk av at det skal vere ei arbeidsdeling i det hele tatt.