Hopp til innhold

Vraka skuleplanar - bystyret startar på ny frisk og med blanke ark

Politikarane i Flora vrakar dei opphavlege planane om ny skule i Eikefjord, etter at prosjektet til 115 millionar kroner sprakk med heile 26 millionar. No lyser dei ut nytt anbod med ei ramme på 100 millionar, og skulen skal stå ferdig i 2016.

Eikefjord skule

LYSER UT NYE ANBOD: Bystyret i Flora vrakar dei opphavlege skuleplanane i Eikefjord, og startar med blanke ark.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Skulen i Eikefjorden er ikkje i nærleiken av å vere god nok til det ein må kunne forvente i 2014. I framlegget frå Høgre, Venstre og Framstegspartiet, som vart samrøystes vedteke tysdag, så er det klare forventningar om at her skal det settast i gang eit prosjekt som er ferdig seinast sommaren 2016. Det seier ordførar Bengt Solheim-Olsen (H).

Skulen i Eikefjord vart bygd i 1963. Heilt sidan 1992 har rehabilitering av skulen vore på planen. Dagens skule manglar ventilasjonsanlegg. På vinteren er det vanskeleg å halde temperaturen oppe og når det er varmt ute er det vanskeleg å halde den nede.

– Det har vore veldig lite vedlikehald på skulen dei siste 10–15 åra. Den er ikkje lovleg på nokon måte. Verken for elevane eller dei tilsette som skal ha sin kvardag der.

Det seier Anders Ole Sunnarvik som er bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet, men og leiar i grendelaget i Eikefjord. Sjølv om bystyrevedtaket tysdag betyr ei forseinking i forhold til dei opphavlege planane er han nøgd med vedtaket som no er fatta.

Det hastar

Anders Ole Sunnarvik

POSITIV TIL VEDTAK: Anders Ole Sunnarvik, bystyrerepresentant for Arbeidarpartiet og leiar i grendelaget i Eikefjord.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Umiddelbart så er eg svært positiv til det vedtaket som er gjort. Eg var jo sjølv med som representant i bystyret tysdag.

Han seier dei i løpet av ombyggingsprosessen er blitt klare over at det er blitt svært dyrt og at dei difor er må tenke nytt og alternativt.

– Men vi har korte fristar, for Eikefjordbygda treng ein ny skule, og det veldig snart.

Ber om nye anbod

Bystyret ber no entreprenørane levere nye anbod på Eikefjord skule. Innan 2016 skal bygda sin skule vere oppgradert til moderne standard innanfor ei kostnadsramme på 100 millionar kroner.

Bengt Solheim-Olsen

STARTAR MED BLANKE ARK: Ordførar i Flora, Bengt Solheim-Olsen (H)

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ifølgje ordførar Bengt Solheim-Olsen held bystyret dei fleste moglegheiter opne. Han er sikker på at politikarane no skal sikre Eikefjord ein betre skulekvardag.

– Vi har jo lagt nokre klare føringar. Skulen må ligge på den tomta som vi disponerer i og rundt skulen i dag. Dermed så blir det ikkje noko stor utsetting på prosjektet, sjølv om vi no må bruke eit halvt år meir enn vi hadde lagt opp til.

Når det gjeld prosessen i skulesaka seier han at administrasjonen har følgt dei fleirtalsvedtaka som har vore gjorde i bystyret.

– Det klart det er mange som har argumentert for andre løysingar undervegs, men dei har ikkje fått fleirtal.

– No har vi fått fleirtal for ein metode å gjere dette på som vi er heilt sikre på skal føre til at det kjem ein ny flott skule opp å gå raskt som overhovudet mogleg.