Det skal byggjast ny skule i Eikefjord, men dette har trekt ut i tid. I dag skal bystyret diskutere om kommunen skal bruke ti millionar kroner på å flytte elevane til ein mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion.
– I den tida skulen skal byggjast, må alle elevane ut av skulen. Det som har komme fram er at det er ein stor budsjettsprekk på den mellombelse løysinga som må på plass. Vi må kjempe i dag for at den skal gå gjennom, og at vi skal få den mellombelse løysinga som vi treng for å få rehabilitert skulen vår, seier leiar i foreldrearbeidsutvalet (FAU) Julie Titlestad.
Varsla tøffare linje
Ramma for rehabilitering og tilbygg på Eikefjord skule var kostnadsrekna til 68 millionar kroner då prosjektet først starta.
No har kostnadane auka til 125 millionar, medrekna ti millionar som skal gå til ein mellombels skule dei to åra som bygginga tek.
Punkterte vindauge, mugg og sopp har for lengst fått begeret til å flyte over for foreldra ved Eikefjord barne- og ungdomsskule.
I fjor vår varsla FAU ved skulen ei tøffare linje mot politikarane, og i juni i år var dei endeleg i mål. Då gjekk bystyret i Flora inn for å byggje ny skule i grenda, trass i at prislappen berre har vorte dyrare.
(Artikkelen held fram under biletet)
FYLTE TO BUSSAR: Borna frå Eikefjorden barne- og ungdomsskule fylte to bussar og drog til bystyremøtet i Florø.
Foto: privat- LES OGSÅ:
Er redde for å miste ungdomstrinne
Men no fryktar foreldra prislappen kan få politikarane til å ta nye vegval.
– Vi er redd for at politikarane vil seie at dette kostar for mykje, og at dei vil gå inn og sjå på andre prosjekt, seier Titlestad.
Mellom anna har det komme signal på at ein ønskjer å sjå på eit prosjekt som Skanska kom med for nokre år tilbake.
– I det prosjektet ligg det ein 1-7-skule. Då vil dei ta frå oss ungdomsskulen vår, og det er heilt uaktuelt for bygda vår, seier Titlestad.
Difor drog eikefjordingane i samla tropp til Florø for å passe på at tidlegare vedtak vert ståande.
– Vi har mobilisert alle elevar frå femte til tiande klasse. Det var sett opp to bussar, og så har vi ein god del foreldre og besteforeldre som skal utover. Kor mange vi blir totalt, veit eg ikkje, seier Titlestad.
(Artikkelen held fram under biletet)
KLARE TIL AVREISE: Ungane strøymde til rett før bussane skulle gå.
Foto: privat- LES OGSÅ:
Gjer det vanskelegare å stemme
Ho håpar det vil gjere inntrykk på politikarane.
– Det er vel vanskelegare for politikarane å sjå oss i kvitauga og stemme for at ein skal sjå på prosjektet på nytt att. Vi må ha ein skule, og vi må ha han no, seier Titlestad.
Byggjestart er sett til hausten 2014.
– Vi må ha den mellombelse løysinga på plass til hausten att, når borna våre tek til på nytt skuleår. Det er det vi mobiliserer for. Det er kanskje vanskeleg å stemme for ei utsetjing når ein har alle elevane frå femte- til tiandeklasse som sit og ser på deg, seier Titlestad.
Møtet tok til klokka 16. Ifølgje folk som er på møtet, er om lag 160 eikefjordingar møtt opp for å få med seg bystyremøtet i Flora kommune.
– Eg har full tillit til at politikarane velgjer å gå for den beste løysinga, som er at alle elevane vert samla i brakka ved Eikefjord stadion, seier Titlestad.
SISTE: Bystyret vedtok, etter ein tre timar lang debatt tysdag kveld, å etablere ei mellombels brakkeskule på Eikefjord stadion, ifølgje firdaposten.no.
Bystyret gjekk dermed inn for Høgre sitt framlegg om å halde oppe framdrifta av bygginga av Eikefjord skule, og at prosjektet skal fullførast innan ramma på 115 millionar kroner.
I MØTE: Bystyret i Flora starta klokka 16. Her er f.v. rådmann Terje Heggheim, varaordførar Jan-Henrik Nygård (V) og Ester Frøyen.
Foto: Truls Kleiven / NRK