Bystyret i Florø gjekk i går inn for å byggje ny skule i grenda, trass i at den er blitt mykje dyrare.
Skulen er no kostnadsrekna til 115 millionar kroner, noko som er ein del meir enn dei 98 millionane den skulle koste då saka sist var oppe før jul.
Rektor Heidi Humlestøl Aasen er svært glad for vedtaket.
– Eg er veldig klar over at dette er veldig mykje pengar, og det gjer vondt å bruke så mykje.
– Men vi vil ha ein skule i Eikefjord, og vi trur det er ei bygd i vekst og på sikt tenkjer eg at dette er ei investering for framtida, seier ho til NRK.no.
Mugg og sopp
Punkterte vindauge, mugg og sopp har for lengst fått begeret til å flyte over for foreldra ved Eikefjord barne- og ungdomsskole.
I fjor vår varsla foreldrearbeidsutvalet (FAU) ved skulen ei tøffare linje mot politikarane. No eitt år seinare, er dei endeleg i mål.
- LES OGSÅ:
– Det er den dårlegaste skulen i Flora vi snakkar om, og Arbeidstilsynet hadde vel stengt skulen heilt eller delvis om det hadde vore opp til dei.
– Vi må ha ei framdrift, og det må gjerast noko. Og då er det heilt klart at det vil koste pengar, seier Ingar Torsvik Myrvollen som er leiar i FAU ved skulen.
(Artikkelen held fram under biletet)
MUGG OG SOPP: Dåverande leiar i FAU Kristen Stæger-Breisnes viste i fjor fram korleis skulen såg ut. Punkterte vindauge og mugg og sopp er funne i både veggar og vindaugskarmar.
Foto: Ingvar Torsvik MyrvollenGler seg til å fortelje barna det
Foreldra har lenge kjempe for ein ny skule, og meiner inneklimaet ikkje er godt nok. Torsvik Myrvollen seier det gjer godt å endeleg kunne fortelje elevane at det skal bli betre.
– Ein går ikkje rundt og tenkjer på at det er ein dårleg skule, men ein ser jo at det er ein del dårleg vedlikehald. Vindauge som er punkterte, vindauge som ikkje kan opnast og latast att skikkeleg, ramsar han opp.
– Men vi vaksne kan fortelje at det blir betre, og no har endeleg politikarane gått for det, seier han.
– Dyrt
Men sjølv om det no altså er semje om at ein skal byggje ein ny skule i Eikefjord, var det fleire i bystyret som meinte det vart vel dyrt.
Ein av dei var Venstre sin gruppeleiar Odd Bovim.
– Alle ønskjer skulen i Eikefjord, men spørsmålet var kor mykje vi skulle måtte betale for den og kor lenge dei andre skulane skal måtte vente på oppgraderingar, seier Bovim.
– Eg trur det blir ein flott skule i Eikefjord, og den blir dyr, seier han.
– Det gir oss trua på framtida
Venstre meinte ein burde kunne halde seg til ramma på 98 millionar kroner. Rektor Heidi Humlestøl Aasen forstår at ein kan reagere på kostnadane, men meiner det er verdt det.
– Skal vi ha ein moderne skule der vi kan drive med god undervisning, og ha alternative undervisningsformer, så kostar det, ja, seier ho.
Torsvik Myrvollen seier millionane som skal brukast på skule gir bygdefolket trua på framtida.
– Ein er veldig klar over at kommunesenteret er Florø, men nummer to senteret er Eikefjord. Skulen har vore i dårleg forfatning i ti-femten år, og no er det endeleg framdrift. Det gir oss trua på framtida, seier han.