Hopp til innhold

VM-bronse til Tarjei Bø

Tarjei Bø frå Stryn tok sin første individuelle VM-medalje i dag.

Tarjei Bø

VM-BRONSE: Stryningen som går for Markane tok sin første VM-bronse i dag.

Foto: NRK

Forventningane var høge foran dagens sprint i Sibir. Etter gullmedaljen på torsdag var det mange som meinte at Norge burde kunne ta gull også i dag.

Bø bomma ein gong på første skyting. På andre skyting slo han til med ein kjempeserie og gjekk ut som nummer to.

– Eg opna ganske hardt og gjekk jamnt heile løpet. Skia eg hadde torsdag var veldig gode, i dag var dei ikkje fullt så gode, seier Bø til NRK.

Kom i mål som nr. 2

Han kom også inn som nummer to i mål, men vart etter kvart skyvd ned på bronseplass.

– Eg er nøgd. Det spelar ingen rolle om eg hamnar på 4. plass eller 10. plass, men bronse er fint, sa Bø til NRK etter målpassering.

Dermed tok Bø sin første individuelle VM-medalje.

– Medalje var målet, men eg visste det kom til å bli hardt. Denne løypa passer meg ikkje helt, den er ikkje hard nok. Dette var kanskje den største medaljesjansen eg hadde individuelt. Det kommer til å bli eit rotterace på fellesstarten og jaktstarten, seier Bø.

Under dagens løp var det tyske Arnd Pfeiffer og franske Martin Fourcade han frykta mest. Dei gjekk inn til gull og sølv.

– Dei gjekk veldig sterkt på stafetten og resultatat blei som venta.

Han meiner likevel han har eit godt utgangspunkt føre jaktstarten søndag.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Tarjei fornøyd med utgangspunktet til jaktstarten

VIDEO: Sjå intervju med bronsevinnaren Tarjei Bø.

Best av dei norske

Bø var best av dei norske. Emil Hegle Svendsen endte til slutt på femte plass, medan Lars Berger kom på 14. plass. Ole Einar Bjørndalen gjekk inn til 22. plass.

Ny medaljesjanse seinare

Kvinnene skal også gå sprint i dag. Med gull i lomma frå torsdag er Ann Kristin Flatland på hugget. Skiskyttaren frå Vik går ut som nummer 24.

Sprinten startar klokka 14.