I dag startar ONS og det er venta at rundt 50 000 menneske er innom dei fire dagane messa varer. Om lag 1400 selskap har stands, deriblant 18 frå Sogn og Fjordane.
Dei lokale verksemdene som alle er knytte til olje- og gassindustrien, skal vise seg fram på ein felles stand. Her skal dei knyte kontaktar og få ein unik sjanse til å profilere seg.
– Dette er ein viktig møteplass, og vi vonar at de som er med vil hauste frukter av innsatsen. Lukke til med sal og nettverksbygging i dagane som kjem, sa fylkesordførar Åshild Kjelsnes då ho opna standen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Politisk satsing på olje og gass
Fylket har delteke på ONS sidan 2004 og disponerer i år til saman 210 kvadratmeter av messeområdet, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.
Ein stor del av den norske olje- og gassproduksjonen går føre seg på sokkelen utanfor Sogn og Fjordane. Fylkesordføraren la i opningshelsinga si vekt på at dette er ei viktig næring for fylket.
– Petroleum har ein sentral plass på den politiske saklista i fylket. Vi vonar at vi med det politiske arbeidet kan bidra positivt til utvikling og vekst i fylket innan olje- og gassektoren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Må kompensere for manglande storleik
Fylkeskommunen ønskjer både å utvide aktiviteten for selskapa som alt er i fylket og å få nye selskap til å etablere seg der.
Fylkesordføraren understreka vidare at den viktigaste jobben er det likevel ikkje politikarane, men næringslivet som gjer.
– Storskala er ikkje det Sogn og Fjordane er mest kjent for. I ei næring som ofte tenkjer i store strukturar, er det viktig å prøve å kompensere for manglande storleik ved å vere dyktige på å byggje gode alliansar og samarbeidsløysingar, slo ho fast.
Dei 18 verksemdene som deltek på Sogn og Fjordane-standen er: Fjord Base AS, Hellenes AS, INC Engineering AS, INC Gruppen, Lutelandet Utvikling AS, NBN Elektro AS, NCP Norsk Contracting Partner, Norwegian Marine AS, Safeclean AS, Saga Fjordbase AS, Saga Fjordbase AS, Saga Fjordbase AS, Strukturplast AS, Stryvo AS, STX Norway Florø AS, Vestnes Ocean AS, Wergeland Holding AS og WIS Gruppen.