Hopp til innhold

Vil vite meir om lagring av råolje

Alexela Sløvåg vil bruke ein halv milliard kroner på å kunne handtere råolje i Sløvåg. Ordføraren i Gulen er uroleg og vil ha meir tid.

Halvard Oppedal

VIL VITE MEIR: Halvar Oppedal og resten av kommunestyret i Gulen vil vite meir før dei gir svar på om Alexela Sløvåg skal få lagre råolje ved terminalen sin.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Eit samla kommunestyre vil ha vurdert moglege konsekvensar for folkehelsa i området. Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal, seier dei har bede Klima og forrureiningstilsynet om meir tid i høyringsprosessen.

– Det er klart at når ein lastar frå skip til skip, og med råolje, så veit ein ikkje korleis det vil gå om det blir utslepp.

– Det er det vi vil vite meir om, vi er litt skeptiske og vi er sjølvsagt blitt meir forsiktige, seier Oppedal til NRK.no.

Har investert ein halv milliard i nytt anlegg

Også Alexela Sløvåg lovar at dei er forsiktige. Dei kjøpte Vest Tank sitt anlegg i Gulen rett før eksplosjonen 24. mai 2007.

Etter den dramatiske eksplosjonsulukka rapporterte mange om helseplager, og fleire gonger etterpå har helsetilstanden til innbyggjarane i området blitt granska.

I tida etter eksplosjonen skal Alexela Sløvåg ha investert ein halv milliard kroner i å byggje opp eit anlegg som skal kunne ta imot såkalla «lette oljeprodukt».

Fokus på tryggleik

Dagleg leiar, Lars Narverud, seier mykje av pengane er brukt på tryggleik.

– Vi har brukt over 118 millionar kroner på å rydde opp etter Vest Tank-eksplosjonen, og vi har satsa mykje av dei 500 millionane som er investert i nettopp beredskap.

Narverud seier pengane mellom anna har gått til eit heilt nytt brannsløkkingssystem, nye oljelenser, nye båtar og total omlegging av beredskapen.

– Slik anlegget er no, er det eit topp moderne anlegg, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eksplosjon i Sløvåg

MYKJE MERKSEMD: Eksplosjonen i 2007 har fått mykje merksemd.

Foto: at Asbjørn Refsdal

Vil setje Gulen på kartet

Selskapet vil no bruke ein halv milliard til slik at dei kan lagre og laste om råolje på terminalen som ligg rett over fjorden for Mongstad.

– Marknaden er no betre for lagring av råolje, enn den er for til dømes lette oljeprodukt. Ein treng fleire bein å stå på enn berre lagring av lette oljeprodukt.

– Eg meiner at dette vil vere med å setje Gulen og Sogn og Fjordane på kartet i forhold til oljeindustrien.

Politikarane treng meir tid

Men det er først og fremst Vest Tank-ulykka som har sett Gulen og Sløvåg på kartet. Det i kombinasjon med den totale aktiviteten gjer politikarane bekymra.

– Det at vi er forsiktige har sjølvsagt litt med den forhistoria som området har. Difor har kommunestyret gjort eit samrøystes vedtak på å utsetje saka og prøve å finne kunnskap om helseverknadene av dette, seier ordførar Halvard Oppedal.

(Artikkelen held fram under biletet)

Alexela i Sløvåg i Gulen

HAR RYDDA OPP: Alexela Sløvåg har brukt mykje pengar på oppryddinga etter eksplosjonen. Biletet er teke i samband med ei synfaring i 2011.

Foto: Steinar Lote / NRK

Kan gje jobb til 35 personar

Narverud håpar å kunne sysselsette 35 personar dersom dei får løyva dei er ute etter. I dag er det 20 tilsette i Sløvåg, det sjølv om verksemda framleis ikkje har teke terminalen i bruk til det dei allereie har lov å gjere.

– Kundane våre som ønskjer å lagre produkt ser på oljeprisen som ein referansepris. Slik det har vore no har prisen på spotolje vore dyrare enn den framtidige oljeprisen, så det har ikkje vore lønsamt for våre kundar å byggje lager.

– Men no har dette endra seg den siste tida, oljeprisen har gått opp og vi har fått indikasjonar frå våre kundar på at dei vil kome med produkt her i løpet av mars månad.

– Strenge reglar og tilsyn

Alexela Sløvåg ønskjer å vere klare til å ta imot også råolje i løpet av 2016.

Ordføraren er open for planane, om tryggleikstiltaka blir strenge nok.

– Det er jo i utgangspunktet positivt at vi har utvikling i Gulen, og med strenge reglar og tilsyn ser eg positivt på det, seier Oppedal.