Hopp til innhold

Søkjer om utvida løyve i Sløvåg

Alexela Sløvåg søkjer om å utvide aktiviteten før dei har sett i gang drifta.

Sløvåg Industripark med Mongstad i bakgrunnen

Alexela i Sløvåg ønskjer å kunne mellomlagre 24 ulike petroleumsprodukt.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Klima- og forureiningsdirektoratet ga i mars Alexela Sløvåg løyve til å mellomlagre bensinprodukt .

Direktør Håkon Ivarson seier til Bergens Tidende at dei trudde at løyvet også omfatta andre oljeprodukt.

– Men det gjer det ikkje. Difor har vi sendt ein tilleggsøknad dei vi spesifiserer dei ulike produkta det kan vere aktuelt å mellomlagre, seier han til avisa.

24 produkt

Søknaden inneheld namn på 24 petroleumsprodukt dei trur det kan vere aktuelt å lagre i Gulen. Den totale kapasiteten ved anlegget skal vere som planlagt, opp mot to millionar tonn i året.

Bedrifta tok over anlegga i Sløvåg dagen før to tankar med giftig avfall eksploderte i mai 2007.

Legg vekt på miljøet

Seksjonssjef Harald Sørby i direktoratet seier at Alexela må ha løvyve viss dei skal ta imot noko anna enn bensin. Han seier til avisa at dei ikkje vil kommentere søknaden, men at dei legg vekt på miljøbelastninga og faren for akutt forureining.

Ivarson i Alexela seier risikonivået ved anlegget ikkje blir auka.

– Det er ikkje aktuelt å lagre gass under trykk, seier han.