Hopp til innhold

Vil flytte arbeidsplassar frå 175 i Bergen til 175 i Lærdal

Ordføraren i Lærdal vil ha fleire tilsette ved Vegtrafikksentralen i Lærdal. Han ber no samferdsleministeren om hjelp.

Jan Geir Solheim

FLEIRE: Jan Geir Solheim vil ha fleire statlege arbeidsplassar til Lærdal.

Foto: Lærdal kommune

Jan Geir Solheim er uroa over at kommunen dei siste åra har tapt mange statlege arbeidsplassar. Han peiker mellom anna at dei etter nedlegginga av Opplysningen 1881 i Lærdal har mist 120 arbeidsplassar dei siste åra, i tillegg til at mange arbeidsplassar ved sjukehuset har forsvunne.

No ber Solheim samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa om hjelp til å få fleire statlege arbeidsplassar til bygda. I første rekke ber han om å få overført arbeidsplassar frå Vegtrafikksentralen 175 i Bergen, til Lærdal.

– I Lærdal har vi framleis ein liten del av 175. Vi har fire tilsette, men det er ikkje døgnbemanna. Vi ønskjer at dei skal bli fleire, seier Solheim til NRK.no.

På Vegtrafikksentralen 175 i Bergen er det i dag 25 tilsette forklarar Solheim. Han håpar at flest mogleg av desse skal bli flytta over til Lærdal.

– Dette vil føre til at Bergen misser arbeidsplassar. Bør de ikkje heller kjempe for nyetablering av statlege arbeidsplassar?

– Jo, sjølvsagt. Det skal vi gjere også. Men vi ser dette som ei grep for å styrke 175 i Lærdal, seier Solheim.

I februar vart Opplysningen 1881 heilt nedlagt etter mange år med kutt i arbeidsstokken. Dei siste 28 tilsette mista då jobben, men Solheim understrekar at det her over år har gått tap over 100 arbeidsplassar.

Han trekk fram at bygget står tomt og at dei ønskjer å få på plass nye statlege arbeidsplassar her.

– Vi har eit bygg med god infrastruktur, flotte fasilitetar og vi vil forsøkje å fylle dette med aktivitet, seier ordføraren.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa seier at Samferdsledepartementet så snart som råd vil handsame førspurnaden frå Lærdal om fleire statlege arbeidsplassar.

Meltveit Kleppa vil ikkje lova noko i dag, men seier saka har høg prioritet i departementet.