Hopp til innhold

1 av 4 arbeidsplassar truga i Lærdal

Lærdal kan miste 1 av 4 arbeidsplassar i løpet av dei komande åra.

Opplysningen 1881 i Lærdal

1881: Opplysningen 1881 står i fare.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Opplysningen 1881 med sine 50 arbeidsplassar og Lærdal sjukehus med sine over 100 arbeidsplassar står i fare. I tillegg skal kommunen kutte, skriv Sogn Avis.

Situasjonen i Lærdal liknar utviklinga i resten av fylket. Prosentvis har ingen fylke mista fleire arbeidsplassar enn Sogn og Fjordane.

Stort trugsmål

Ordførar i Lærdal, Arne Sanden, kallar situasjonen det største trugsmålet mot lærdalssamfunnet i nyare tid.

– Dette krev handling, sa rådmann Alf Olsen jr. under eit kommunestyremøte ifølgje Sogn Avis.

I tillegg er det mange kvinneplassar som forsvinn, noko som bekymrar kommunen.

Vil ikkje satse i Lærdal

1881 har gjeve beskjed om at dei ikkje vil satse på Lærdal. Dei har uttalt at dei heller vil satse på Namsos og Otta. Det kan bety nedlegging i Lærdal.

Kommunen kjem no til å søkje om status som omstillingskommune.