Hopp til innhold

Stor optimisme etter stamfisket i Vikja

Stamfisket etter laks i elva Vikja i Vik i går gav svært gode resultat. No er forskar svært optimistisk med tanke på framtida for villaksen i vassdraget.

Vikja i Vik

GOD ELV: Svært gode stamfiskeresultat i elva Vikja i Vik.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Sogn Avis melder i dag at det årlege stamfisket i Vikja gav svært så oppløftande resultat. Inne i krafttunnelane stod storlaksen tett, melder avisa.

- Var veldig bra

Forskar Svein Erik Gabrielsen ved LFI Uni Resarch var med på stamfisket og gytefiskteljinga og var full av lovord då NRK snakka med han i dag tidleg.

– Det var veldig bra. I tillegg til stamfisket så har vi gytefiskteljing i resten av elva fordi vi stort sett tek stamfisken inne i krafttunnelane. Eg var ikkje med inn i sjølve tunnelen, men dei som var der fortalte om mykje laks som stod der inne, seier Gabrielsen.

Stor optimisme

Etter stamfisket er han svært så optimistisk med tanke på tilstanden for villakstammen i Vikja.

– Det første er jo no at dei oppnår det som er gytebestandsmålet som villaksrådet har sett, så det er veldig positivt. Ein annan ting er at vi har eit kultiveringsprosjekt med Statkraft, der vi legg ut rogn oppstrøms i elva. Vi treng 100.000 rogn, og det var jo veldig lett å få tak i det i går, fortel forskaren.

Mesteparten villaks

Han sler fast at mesteparten av den fisken dei fann var villaks og fettfinneklypt laks, laks som har blitt merka då dei var smolt.

– Det betyr at kultiveringsarbeidet som har pågått ein del år fungerer bra. Fisken kjem att for å gyte i elva, det er veldig positivt. Dei siste to åra har det sett veldig bra ut og det ser ut for at mengden oppdrettslaks har gått veldig tilbake. Kultiveringsarbeidet bidreg til at det kjem meir villaks tilbak, seier Gabrielsen.

Stamfisket etter villaks er no i gang over heile fylket, og etter det NRK kjenner til har fleire elvar meldt om svært gode resultat.