Hopp til innhold

Vil ta kontroll over ørnebestanden

I vinter vart tre hundar angripne av ørn. No har Fylkesmannen sett i verk teljing av kongeørn i Sogn og Fjordane.

Kongeørn

SKAL TELJE ØRN: Fylkesmannen skal telje kor mange kongeørnar som faktisk finst i Sogn og Fjordane.

Foto: Hans H. Bjørstad

Etter at tre hundar i vinter vart angripne av ørn, har fleire meint at ørnebestanden må ned.

No har Fylkesmannen sett i gang teljing.

Tre hundar angripne på tre veker

- Fylkesmannen har engasjert to fagpersonar for å komme fram til eit betre tal på ørnebestanden enn vi har hatt tidlegare. Arbeidet pågår i desse dagar, opplyser viltforvaltar Hermund Mjelstad hos Fylkesmannen.

I vinter vart to hundar drepne av kongeørn, medan ein annan hund så vidt berga livet etter eit ørneangrep - alt i løpet av tre veker i desember og januar.

- Må gjere noko med rovdyra

Hundeeigar Nils Arne Skjerven i Luster såg sjølv ørna prøve å flakse av garde med den døde hunden hans.

- Ørna prøvde å stikke av med hunden, men han var for tung - og ørna måtte leggje han att. Då var han daud, sa Skjerven til NRK i vinter.

- Akkurat no føler eg ikkje for å skaffe meg ny hund. Byråkratane må snart gjere noko med rovdyrpolitikken. Det er klart vi skal ha rovdyr i Norge, men alt med måte, sa jegeren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terry vart drepen av ørn

ØRNEOFFER: Slik såg jakthunden Terry ut, etter at han var drepen av ørn under ein jakttur i vinter.

Foto: Nils Arne Skjerven

Skal følgje med i hekkeområda

I etterkant av ørneangrepa vart det ein større debatt om ørnebestanden i Sogn og Fjordane hadde auka kraftig.

LES OGSÅ:

No kan Fylkesmannen få fakta på bordet: Ørneteljarar skal kartleggje bestanden i to år ved å sjekke hekkeområda nøye - og slik komme fram til eit overslag på storleiken på bestanden.

Skal vere 80 par i fylket

Viltforvaltar Mjelstad viser til at bestanden skal vere i tråd med ei stortingsmelding frå 2004.

- Bestanden skal vere slik den var på den tida. For Sogn og Fjordane sin del vil det seie om lag 80 hekkande par kongeørnar, seier Mjelstad.

Viltforvaltaren kan ikkje kommentere kva tiltak som vil bli sett i verk, dersom resultatet av teljinga syner ei auke i bestanden.

- Det er det for tidleg å uttale seg om no, seier Mjelstad.