Bondelaget i fylket krev tiltak for å få bukt med det dei meiner er ein aukande ørnebestand.
Søknadane om erstatning er dobla
Søknadane om erstatning for husdyr som er tekne av ørn, er nær dobla i løpet av eitt år.
I tillegg til ei dobling av drepne sau og lam, er også to hundar tekne av ørn dei siste vekene.
LES OG:
LES OG:
Bondelaget er svært uroa over situasjonen.
- Vi får inn stadig fleire meldingar frå folk som held sau i fylket, om at bestanden av kongeørn er aukande, seier nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Jon Nummedal.
- Ørn vert observert meir enn før
Han fortel at erstatningsoppgjeret som no er ferdig tyder på ei dobling i erstatningsutbetaling for tap av sau og lam som er forårsaka av ørn.
- Folk melder om at ørn vert sett oftare, og det vert observert stadig fleire ørner i lag, seier Nummedal.
Fylkesmannen har sagt at dei vil vurdere om ørnebestanden i fylket skal regulerast etter ei teljing av kongeørn i vår.
Krev rask handling frå fylkesmannen
Nummedal krev at ei slik kartlegging vert gjort.
- Det er vanskeleg å dokumentere at det er ørn som har forårsaka tapet av sau og lam. Har ein ikkje god nok dokumentasjon er det vanskeleg å få erstatning, seier Nummedal.
Dermed må bestanden av ørn ned for å hindre ytterlegare tap meiner han.
Bondelaget i fylket håpar fylkesmannen handlar raskt.
- Vi håpar at fylkesmannen set i gang ei teljing så raskt det er praktisk mogleg, avsluttar Nummedal.
LES OG: