Eit knapt fleirtal i komite for miljø-og bygutvikling sa for kort tid sidan ja til høghuset.
- Brot på lova
Marte Mjøs Persen frå RV ber no komiteen gjera om vedtaket sitt.
- Me meiner i alle fall at dei har gått langt utover sitt mandat i forhold til å gje dispensasjonar. I følgje plan- og bygningslova kan ein gje dispensasjon på særskild grunnlag, og det er det ikkje i denne saka, meiner Mjøs Persen.
Like høgt som Rådhuset
Høghuset Ørnen ved sidan av Bystasjonen vil bli på 12 etasjar, ruva 39 meter over bakken og skal husa næringsareal og bustadar. Det var eit knapt fleirtal i komitee for miljø og byutvikling som i midten av mai gav løyve til bygget som nesten er like høgt som Rådhuset.
Opposisjonspolitikarane frå RV, AP, SV og SP meiner derimot at prosjektet er så stort at det krev endringar i regulæringsplanen for området, og difor skulle vore oppe i bystyret.
- Det er jo eit faktum at dei partia som har fleiratal i komiteen ikkje har det i bystyret. Denne saka ville fått eit heilt anna resultat dersom ho hadde blitt underlagt den prosessen som ho burde, seier Mjøs Persen.
Byråd Lisbeth Iversen (Foto: Jo Hjelle/NRK)
Iversen held på sitt
Byråd Lisbeth Iversen frå Kristeleg Folkeparti avviser at dei har brote regelverket. Ho meiner nemleg at dei har stilt så mange krav til byggherren at det ikkje er naudsynt med ein reguleringsplan. Likevel inneber ingen av krava at høgda på huset skal reduserast.
- Ikkje dersom me kan visa til at verknaden er til å leva med, fortel Iversen.