Hopp til innhold

Vil stenge verdas lengste vegtunnel i eit heilt år: – Grip hardt inn i kvardagen til mange

Lærdalstunnelen på E16 kan bli stengt i eit heilt år. Konsekvensane for stamvegen mellom Bergen og Oslo blir store, men fleire meiner det er betre enn alternativet.

Lærdalstunnelen

BLIR STENGT: Lærdalstunnelen kan bli stengt i eit heilt år frå 2024. Det får store konsekvensar for trafikken mellom aust og vest, samt på Vestlandet.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

– Dette slo ned som ei bombe, seier Astrid Brekke Heggen frå Aurland.

Pendlarvegen hennar er verdas lengste biltunnel, Lærdalstunnelen.

Frå 2024 kan E16-tunnelen mellom Aurland og Lærdal bli stengd i eitt heilt år.

Årsaka er at tunnelen må bli oppgradert. Den 24,5 km lange vegen, som er knutepunktet mellom aust og vest, må stette EU sine nye tryggleikskrav.

Stenginga av stamvegen vil få store konsekvensar for mange.

Det var Sogn Avis som først skreiv om saka.

astrid Brekke Heggen

Astrid Brekke Heggen får ein mykje lenger veg til jobb når Lærdalstunnelen stenger. Men ho trur full stenging er betre enn nattestenging, som då ville ført til at sjukepleiaren måtte sove i pendlarbustad dei gongene ho ikkje nådde tunnelen.

Foto: PRIVAT

Kan ikkje risikere liv

I fleire år har diskusjonen gått om korleis oppgraderinga skal gå føre seg.

Eit alternativ har vore å nattestenge tunnelen gjennom fire år.

Men dette har transportnæringa kalla galskap og gått hardt ut mot.

I førre veke kom Statens vegvesen med eit nytt forslag.

I staden for totalt sju-åtte år med arbeid i tunnelen, vil dei heller stenge vegen heile døgnet i eit heilt år. Etter den tid vil det framleis stå att arbeid, men det kan kombinerast med trafikk gjennom tunnelen.

Omkøyringsvegar blir fylkesveg Aurland-Hol. Aurlandsfjellet er eit anna alternativ, men denne vegen blir stengt om vinteren. I tillegg er vegen prega av kaos om sommaren.

For intensivsjukepleiaren Heggen, som jobbar på sjukehuset i Lærdal, blir hennar trulege pendlarveg båtrute frå Aurland til Lærdal og buss derfrå.

Til vanleg tek det kring ein halvtime å køyre frå Aurland til Lærdal.

Dagens rute går igjennom verdas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen.

Når Lærdalstunnelen blir stengd, må bilistane køyre via Hol, ei reise på nesten 2,5 timer.

Visualisering: Anders Nøkling

Reisetida hennar vil auke frå ein halvtime kvar veg, til om lag ein time.

Ho synest likevel dette alternativet er betre enn nattestenging, for då når ho ikkje heim frå kveldsvaktene før tunnelen stenger for natta.

Lærdalstunnelen

Lærdalstunnelen må oppgraderast for å stette EU sine tryggleikskrav. Det blir også sprengt ut havarilommer og tekniske rom.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Vegvesenet seier det vil ta meir enn eitt år

Det er fleire årsaker til at Statens vegvesen vurderer heilårsstenging av stamvegen.

Ei av dei er at det vil lette logistikken for entreprenøren og gjere arbeidet i tunnelen meir effektivt, forklarar Stig Berg-Thomassen, prosjektleiar for Tunneloppgradering Vest i Statens vegvesen.

Trafikktryggleik er eit anna viktig moment. For sjølv om det er trygt å ferdast i tunnelen i dag, kan dette endre seg når sprengingsarbeidet tek til inne i tunnelen.

– Det gjer til at det blir ganske stor usikkerheit kvar dag om ein kan opne vegen på morgonkvisten. Vi kan ikkje risikerer liv hos entreprenøren eller hos trafikantane. Det må vere trygt, seier Berg-Thomassen.

Han seier dei jobbar for fullt med å finne gode løysingar.

– Ei katastrofe

– Dette vil gripe hardt inn i kvardagen for mange, seier Trygve Skjerdal, ordførar i Aurland.

– Men dersom vi kan ha det vanskeleg i eitt år, heller enn sju-åtte år med store ulemper, så trur eg det er betre.

Men ei stenging får store konsekvensar for fastbuande, pendlarar, skuleelevar og naudetatar.

– Eg er spent på reaksjonane frå folk, og det er nok ikkje sikkert alle ropar hurra for ei slik løysing, seier Skjerdal.

Han seier det er viktig å ruste opp omkøyringsvegane slik at dei toler den ekstra trafikkmengda i tida framover.

For transportnæringa i området får stenginga store konsekvensar. Arne Slinde Ahlin er skeptisk.

For transportnæringa i området får stenginga store konsekvensar. Arne Slinde Ahlin er skeptisk.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / nrk

Tungtransporten skeptiske

På Håbakken i Lærdal, eit steinkast unna tunnelmunninga, fryktar Arne Slinde Ahlin, dagleg leder i Slinde Transport, konsekvensane.

– For oss er dette ei katastrofe. Men om vi må velje mellom to vonde, så kan dette vere den beste løysinga, seier han, men legg til:

– Men då må det ta eit år også, og ikkje fem, seier Ahlin, som er skeptisk til om det let seg gjere.

Tunnelstenginga vil få store økonomiske konsekvensar for firmaet, som har hovudkvarter på Håbakken, like ved tunnelmunninga.

Sjåførane får lengre veg, utgiftene til drivstoff og personell vil auke, samt at han fryktar dei kjem til å miste oppdrag.

Torgils Rogne, nestleiar i fylkesstyret i Noregs lastebilforbund, avdeling Hordaland, er samd i at eit års full stenging er best- trass alt.

– Men då må det også vere gode alternativ i mellomtida, seier han, og viser til at nattferjer mellom Gudvangen og Lærdal bør på plass.