Hopp til innhold

Sette foten ned etter ulukker - no vil Mesta starte opp att arbeidet

Mesta håpar dei kan starte opp att arbeidet ute i dagen på E16 Filefjell denne veka. Etter tre alvorlege arbeidsulukker har dei no hatt ein gjennomgang av sine HMS-rutinar.

Filefjell

VIL STARTE OPP ATT ARBEIDET: Fredag stogga Vegvesenet den delen av vegarbeidet som skjer ute i dagen. Entrepenøren Mesta håpar dei kan starte opp att allereie mot slutten av denne veka.

Foto: Statens vegvesen

Sist fredag sette Statens vegvesen foten ned for alt arbeid som skjer ute på veganlegget på E16 mellom Smeldasosen og Borlaug. Tre alvorlege arbeidsulukker på under eitt år er noko Vegvesenet har merka seg.

Sist veke miste ein 20 år gamal mann livet etter at dumparen han køyrde raste ned ein 30 meter høg skrent og hamna i ei elv.

Kommunikasjonssjef i Mesta, Erik Riste, seier dei no har gått nøye gjennom eigne rutinar.

– Mesta har gode HMS-system og gode HMS-resultat, landet sett under eitt. Men no var vi samde med Vegvesenet om at vi skulle ha ein gjennomgang for å sikre at alt er på plass slik at liknande hendingar ikkje kan skje på nytt.

– Dette var ei trist og tragisk hending, seier Riste til NRK.no.

Tre ulukker på under eitt år

Sist onsdag skjedde det som ikkje skulle skje på veganlegget på E16 over Filefjell. Ein ung mann vart liggjande under vatn i vel ein time etter at dumparen han førde hamna i ei elv.

20-åringen vart flogen til Haukeland Universitetssjukehus med kritiske skader, natt til fredag døydde han av skadane.

Men den tragiske ulukka er ikkje den første arbeidsulukka i samband med vegarbeidet mellom Smeldalsosen og Borlaug.

I januar vart ein 56-åring flogen til Haukeland Universitetssjukehus etter at han kom i klem under tunnelarbeid. I august vart ein 18-åring lettare skadd då han vart treft av 800 kilo trelast.

Usikre på om alle kjenner risikoen

Sakna dumperførar funnen på E16.

OMKOM: Ein 20-åring vart liggande under vatn i vel ein time då dumperen han førte hamna i elva onsdag sist veke.

Foto: Privat
Arbeidsulukke i tunnel på E16

SKADD: Ein 56-åring kom i januar i klem under arbeid i ein tunnel på nye E16.

Foto: Vidar Gram
Arbeidsulukke ved Maristova

TRELAST: Ein 18 år gamal mann vart lettare skadd då han i august fekk trelast over seg.

Foto: Privat

Kjartan Hove som er prosjektsjef i Statens vegvesen seier dei såg seg nøydde til å stogge ein del av arbeidet. Det går føre seg framleis fjellsikring, betongarbeid og arbeid i tunnelen, men det som skjer ute i dagen vart stogga med umiddelbar verknad fredag.

– Vi er usikre på om systemet er kome ned til den enkelte arbeidstakar. Altså om han eller ho blir engasjerte nok i sin eigen tryggleik, seier Hove til NRK.no.

Hove seier dei undervegs har hatt gjennomgangar etter dei andre arbeidsulukkene, men at dei no måtte gå grundigare til verks.

– Det er heilt klart at når vi no fekk ei dødsulukke i samband med arbeidet, så måtte vi sjå endå nærare på det, seier Hove til NRK.no.

Alt skal vere på plass

Fram til Mesta kan dokumentere at HMS-rutinane er gode nok er det altså stogg i ein del av arbeidet. Kommunikasjonssjef Erik Riste i Mesta seier dei håpar å starte opp att alt denne veka.

– Vi skal ha eit møte med Vegvesenet denne veka, og vi håpar å vere i gang att ved utgangen av veka, seier han til NRK.no.

– Burde de ha gått gjennom dette tidlegare, for eksempel stoppa opp etter to ulukker og sett på rutinane. Kunne det ha forhindra denne tragiske ulukka?

– Vi må vente til vi kjenner årsaka til ulukka før vi konkluderer. No tek vi iallfall den gjennomgangen, slik at alt skal vere på plass, seier Riste.

Kjartan Hove i Statens vegvesen er heilt klar på at tre arbeidsulukker på anlegget på kort tid er alt for mykje.

– Ei ulukke er ei for mykje, det er eg det eg har å seie til det, svarar Riste i Mesta.