Hopp til innhold

20-åring døydde av skadane

Det var 20 år gamle Mathias Fors Olsen frå Finnsnes i Midt-Troms som natt til fredag døydde av skadene etter arbeidsulukka på E16 på Filefjell.

Sakna dumperførar funnen på E16.

MISTE LIVET: 20-åringen vart liggjande vel ein time under vatn før han vart redda opp etter ulukka på Filefjell.

Foto: Privat

Dumparen 20-åringen førde for onsdag ettermiddag utfor ein kring 30 meter høg skrent før den hamna i ei elv på Filefjell onsdag ettermiddag.

Ulukka skjedde i eit anleggsområde mellom Maristova og Smedalsosen. Kassen på dumparen vart ståande på hjula i elva, medan hytta hadde vridd seg og låg på sida.

Kollegaer av føraren kom raskt til, men arbeidet med å få mannen ut var vanskeleg. Førarhuset låg under vatn og i den iskalde elva brukte dei det dei hadde for hand for å bryte opp dørene. Etter vel ein time vart mannen henta ut.

Mannen som er frå Finnsnes i Midt-Troms vart frakta med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus med kritiske skader. Mannen har kjempa for livet sidan, men Helse Bergen melder fredag morgon at den unge mannen døydde i natt.

Kvifor dumparen brasa gjennom autovernet og ned skråninga, er førebels uvisst. Torsdag var Statens vegvesen sin havarikommisjon på staden på synfaring og gjennomførde ei rekkje målingar. Fredag skal Statens vegvesen og hovudentreprenør Mesta gå igjennom ulukka.