– Eg er blitt kontakta av nokre av brukarane av sambandet, og eg skjønar at det er frustrerande å bli ståande igjen, seier Menes.
Sogn og Fjordane Energi og Eid Elektro ber Eid og Bremanger kommunar om snarleg kapasitetsauke på ferjesambandet Stårheim–Isane. Teknisk leiar i Eid Elektro, Tore Hjelle seier dei stadig oftare opplever at bilar på ferjekaien på grunn av at ferja er full om morgonen og ettermiddagen.
- LES OGSÅ:
– Det vi ynskjer er eit ferje som har plass til fleire biler enn ferja som går der i dag, seier Hjelle.
Det ynskje har Menes forståing for, men syner samstundes til at dei nyleg har inngått nye kontraktar om fylkesvegferjene.
– Vi må sjå litt på kva moglegheiter vi har innanfor dei kontrakten vi har. Vi må og sjå litt på trafikktal og kva vi kan gjere.
Men eventuelle endringar kan sitte langt inne akkurat no. Med den pressa økonomiske situasjonen som fylket står overfor kan det snare bli snakk om å kutte tilbod enn å utvide vedgår Menes.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Ja, reduserte avgangar på ferjesambanda våre er faktisk eitt av innspela som er komne frå administrasjonen som aktuelle kutt.
Menes seie han no vil gå gjennom dei kontraktane dei har for å sjå om det er noko fylket kan gjere i forhold til kapasiteten på Stårheim – Isane.