Hopp til innhold

Ap vil leggje ned alle skulane - og byggje ein ny for alle elevane

Varaordførar Kristin Maurstad i Vågsøy er budd på bråk. Forslaget om å leggje ned alle skulane for å byggje opp ein fellesskule vil skape reaksjonar.

Kristin Maurstad vil leggje ned Vågsøy vidaregåande skule

EIN FELLES SKULE: Varaordførar Kristin Maurstad og Vågsøy Ap vil leggje ned alle skulane i kommunen, og byggje opp ein felles skule.

Foto: NRK/Bjarne Eldevik/Tone Merete Lillesvangstu

– Vi veit at det kjem til å bli rabalder, og vi veit at det vil kome sterke reaksjonar, seier Ap-politikaren til NRK.no.

Partiet hennar legg i morgon fram eit forslag som heilt klart vil få elevar, foreldre og lærarar i kystkommunen til å spisse øyra. Vågsøy Ap vil ifølgje Fjordenes Tidende leggje ned alle skulane i kommunen. I staden for dagens seks skular vil dei ha ein fellesskule for alle 1. – 10.-klassingane, ein skule som vil få rundt 750 elevar om ein tek utgangspunkt i dagens elevtal.

– Vi som politikarar må vere ansvarlege og kome med forslag, uansett om dei blir tekne godt imot eller ikkje. Vi er ikkje villige til å gå ned på skulekvaliteten for å halde oppe skulestrukturen, seier varaordføraren til NRK.

– Veldig alvorleg økonomisk situasjon

Debatten om skulane i Vågsøy er ikkje ny. Fleire gonger har det blitt føreslått å leggje ned skular. Også i sist kommunestyreperiode kom forslaget om å leggje ned alle skulane og byggje ein ny, den gong var det Ap-ordførar Roger B. Silden som lanserte forslaget, skriv Fjordenes Tidende.

Med ein svært stram budsjettsituasjon børstar no varaordførar Kristin Maurstad og partikollegaene støvet av planane. Ifølgje Fjordens Tidene er driftsunderskotet i år på over 10 millionar kroner.

– Vågsøy kommune er i ein veldig alvorleg økonomisk situasjon. Vi har eit kraftig underskot i år, og det vil bli veldig innsparingar i dei komande åra, seier Maurstad til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vågsøy ungdomsskule

IKKJE HER: Den nye fellesskulen for 1. -10. klassetrinn kan ifølgje Maurstad ikkje byggast der dagens ungdomsskule er på grunn av mellom anna trafikkforholda rundt skulen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Vil slå ein strek over den evigvarande debatten

For å sikre ei god løysing for barne- og ungdomsskuleelevane vil dei difor leggje ned Vågsøy ungdomsskule, i tillegg til dei fem barneskulane, Bryggja, Skavøypoll, Holvik, Skram og Raudeberg. Maurstad seier dei har høge driftskostnader.

– Vi har ein ungdomsskule som er i veldig dårleg stand, og vi hadde trudd vi kunne rehabilitere skulen, men no viser det seg at det er dyrare enn vi trudde, og at det er billegare å byggje ein ny skule, seier Ap-politikaren.

– I tillegg har vi fem barneskular med varierande kvalitet, der det er og vil kome investeringsbehov.

Aller helst skulle ho og Ap ha halde på den skulestrukturen som er i kommunen i dag. Men for å få til eit godt nok tilbod, må noko gjerast, seier ho.

– Om vi skal ha råd til å byggje ein ny ungdomsskule, så har vi ikkje råd til å ruste opp barneskulane til eit akseptabelt nivå.

– Då vil ein heile tida få ein debatt om skulestrukturen, og no ønskjer vi å få slått ein strek over det, leggje ned alle skulane og byggje ein ny flott skule som alle kan vere nøgde med, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjordhallen og Måløy vidaregåande skule

KANSKJE HER: Området på Tennebø, der Nordfjordhallen og Måløy vidaregåande skule ligg, er høgaktuelt som plassering for den nye fellesskulen som Arbeidarpartiet vil ha i Vågsøy.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Usikre på prislappen

Forslaget om å byggje ein fellesskule for alle barne- og ungdomsskuleelevane i Vågsøy blir lagt fram for formannskapet i kommunen i morgon. Der vil Ap be om at administrasjonen greier ut moglegheitene for å få til dette, kva det vil koste og kvar ein skal plassere skulen.

Maurstad seier dei førebels veit lite om kva det vi koste, men at dei i forhold til plassering ser for seg at skulen kan bli bygd på Tennebø, i området der Måløy vidaregåande skule er.

– Vi er opne for andre forslag om det dukkar opp andre areal, til dømes i nærleiken av sentrum, seier ho.

Uansett plassering, Tennebø eller i nærleiken av Måløy sentrum, vil det for elevane som i dag går på dei fire barneskulane Holvik, Raudeberg, Bryggja og Skavøypoll bli ein del lengre reiseveg enn dei har i dag.

– Vi veit det blir reaksjonar, og det er veldig mange som får lenger skuleveg, vedgår Maurstad.

Spente på reaksjonar

Kor vidt det vil vere lærarar som blir overflødige når alle skulane skal samlast på ein stad er førebels usikkert.

– Vi ser på dette på ein økonomisk måte, men også i forhold til det pedagogiske og det faglege. Vi meiner dette er bra for lærarane som vil få større fagmiljø, og det vil kunne gje lærarane større moglegheit for å jobbe med det faget dei er utdanna i, seier Maurstad.

Ho er svært spent på korleis politikarar og innbyggjarar tek imot planane som altså blir lagt fram for formannskapet i morgon.

– Vi er spente, og vi har for all del ikkje konkludert med at dette er den beste løysinga. Men vi ønskjer å få tal på bordet, for å finne ut om Vågsøy har musklar til å ta ei slik investering, seier ho.