Hopp til innhold

Godtek ikkje at dei mistar vinterruta over Vikafjellet

Det vekkjer sterke reaksjonar at fylkeskommunen går inn for å leggje ned bussruta mellom Vik og Voss på vinterstid.

Marta Finden Halset og Jarle Aarvoll

SKUFFA: Vik-ordførar Marta Finden Halsen (t.v.) kjem sjølv til å møte på utvalsmøtet 12. mai i år for å få med seg vedtaket om bussruta over Vikafjellet. – Eg har diverre ikkje lov til å halde innlegg, men kan vere tilhøyrar, for å høyre argumenta og kven som røystar for og i mot, seier ho.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Administrasjonen har tilrådd å kutte bussruta mellom 1. november og 30. april.

Grunngjevinga er dei ustabile tilhøva med mange stengingar av riksveg 13 over Vikafjellet dei siste vintrane.

– Vi kan rett og slett ikkje finne oss i det i Vik. Vi set att med eitt spørsmål; kva meir vil fylkeskommunen gjere for å isolere oss på sørsida her. Kva blir det neste, undrar Vik-ordførar Marta Finden Halset (Ap).

Seks reisande per dag

Vikafjellet stengt

VANLEG: Dette skiltet er ofte i bruk på vinterstid.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

I utgreiinga viser fylkeskommunen til at det i realiteten skulle vore 92 reisedagar i vinterperioden. Men i vinter har fjellet nærast vore meir stengt enn ope .

I praksis vart det 38 reelle reisedagar.

Statistikken for i år viser 234 reisande over fylkesgrensa fram til 20. april. Det gir eit snitt på seks reisande over fylkesgrensa per dag.

Statistikk for bussrutene over Vikafjellet

Reisande

Skyss

Sogn og Fjordane

Samla

Over fylkesgrensa

113

121

234

I Sogn

79

13

92

Sum

192

134

326

Reelle reisedagar (Vikafjellet ope for trafikk)

38

38

38

Snitt fylkeskryssande pr. reell reisedag

2,97

3,1

6

– På dei turane bussane gjekk, betyr det at det i snitt var 1,5 personar om bord i bussen, skriv sakshandsamar Ole Ingar Hæreid.

Vanskeleg å planlegge

Det får Vik-ordføraren til å sjå raudt.

– Det seier seg sjølv at med så mykje stenging og uvêr, så avgrensar det seg kor mange som stolar på å komme seg over Vikafjellet, seier Halset.

Ras på Vikafjellet

SKRED: Riksvegen over Vikafjellet er ofte stengd grunna uvêr, skred og fare for skred.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Ho viser til at styresmaktene no står føre satsinga på Vikafjellstunnelen. Ei satsing også fylkeskommunen har slutta seg til.

– Då er det å leggje ned bussrutene over fjellet dårleg signal. Det fører oss attende til 1960-talet og det kan vi ikkje finne oss i, seier ho.

– Tunnel snarast råd

Leiar Morten Midlang i Vik Høgre meiner framlegget gjer det endå meir påkravd å få bygd tunnel gjennom Vikafjellet snarast råd.

Morten Midlang

MISNØGD: Morten Midlang i Vik Høgre har allereie sendt epost til både fylkes- og stortingspolitikarar.

Foto: Privat

– Når sjølv Fylkeskommunen finn det så vanskeleg at dei vil føreslå å kutte ned desse rutene også, så set dei strek under behova og utfordringane vi har i Vik, seier han.

– Skal vi vere ein del av Norge heile året, heile døgnet så må vi ha veg anten sørover eller nordover. Vi har også stengt veg nordover sidan vi ikkje har ferje om natta, legg han til.

Kontaktar politikarar

Som lokallagsleiar har han kontakta både fylkes- og stortingspolitikarar for å minne dei om vedtaket om at riksveg 13 skal vere ein døgnopen heilårsveg.

– Vi etterlyser tidlegare oppstart av driving av Vikafjellstunnelen så vi kjem ut av uføre. Sjølv om vedtaket er der om at det skal vere døgnope heilårsveg, så klarer dei ikkje halde det i praksis. Då må det handling til for å utbetre det, seier han.

Rekordstore snømengder på kort tid har stengt Vikafjellet for all trafikk i over ti dagar. Brøytemannskapa jobbar natt og dag for å pløye seg gjennom meter på meter med snø.

SJÅ VIDEOEN: Her grev dei fram vegen – som ligg åtte meter under snøoverflata.