Sjukehuset i Florø har vore til sals ei stund, men kjøparane har lete vente på seg. Mange har spekulert i kva det store bygget skal brukast til, men 33 år gamle Martin Malkenes har ein plan.
- LES OGSÅ:
Søkjer om 24 millionar kroner
Den arbeidsledige mannen frå Florø, som har starta organisasjonen Sogn og Fjordane Vel, har søkt Sogn og Fjordane fylkeskommune om økonomisk støtte.
- Eg søkjer om 24, 6 millionar kroner for å kjøpe sjukehuset. Går det i boks, vil vi gjere bygget om til "Fylkeshuset" og flytte heile fylkesadministrasjon frå Leikanger og dit.
- Du seier "vi". Kven er dei andre?
- Førebels er det berre meg, men eg tek "ein Sponheim" og kallar oss vi, slik mange gjer i oppstartsfasen, seier Malkenes.
- LES OGSÅ:
- I Florø det skjer
I søknaden sin skisserer han korleis ei tverrpolitisk gruppe skal lage ein plan for å flytte fylkesadministrasjonen frå Leikanger til Florø. Planen skal vere ferdig neste år, og flyttinga innan 2020.
- I Florø er det næring og vekst og det er her ting skjer. Men administrasjonen ligg på Leikanger, og det forstår eg ikkje, det er heilt ulogisk. Ser vi til Hordaland ligg ikkje fylkeskommunen i Kinsarvik, men i Bergen. Slik er det også her. Ting bør ligge i Florø.
- LES OGSÅ:
Har mot, men manglar tru
Malkenes har store planar for både sjukehuset og Florø, men har inga tru på at han får innvilga søknaden om pengar.
- Det har eg ingen tiltro til, absolutt ingen, avsluttar Malkenes.
Ingen i den fylkeskommunale leiinga har vore tilgjengelege for kommentar i denne saka.