Hopp til innhold

Skavlar høge som hjullastaren

Arbeidet med å rydde rv 13 over Vikafjellet er i gang, men vegen blir ikkje opna i føremiddag.

Brøyting på Vikafjellet

FRAMLEIS STENGD: Rv 13 over Vikafjellet.

Foto: NRK-tipsar

Vaktoperatør Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen fortel at uvêret i går la att mykje snø i vegbana.

– Det er skavlar så høge som hjullastarane der oppe, så det tek litt tid å få opna vegen att, det blir iallfall ikkje i føremiddag.

Overfor NRK.no stadfestar brøytesjåfør Erling Stokkebø at det er svært mykje snø på fjellet.

– Her er enormt med snø. I dei verste partia er fonnene oppe i fire meter, seier han til Sogn Avis.

Ifølgje Stokkebø vil Vikafjellsvegen tidlegast kunne opne i løpet av tysdagen.

Derimot kan Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen fortelje at rv 50 Aurland-Hol er opna for trafikk igjen, rv 55 over Sognefjellet har han førebels ikkje høyrt noko frå, og fv 13 over Gaularfjellet er framleis stengd etter snørasa som gjekk i forrige veke.

Fv 622 mellom Raudeberg og Refvik i Vågsøy er no opna att etter steinraset som gjekk søndag kveld.