Hopp til innhold

Vil ikkje ha Førdefjord-saka opp i Efta-domstolen

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom anka Fjordsøksmålet til Borgarting lagmannsrett 12. februar.

Miljøorganisasjonane bad også om at saka måtte opp i Efta-domstolen. Det seier staten nei til.

Grunngivinga er at det finst tilstrekkeleg rettleiing for å avgjere søksmålet i eksisterande kjelder og at spørsmålet ikkje er tvilsamt. Det blir nå opp til lagmannsretten å avgjere om saka kjem til behandling i Efta-domstolen. Avgjerda er venta i løpet av våren.

– Vi tar det som eit godt teikn at staten fryktar Efta-domstolens konklusjon, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet.