På eit treningssenter på Laksevåg i Bergen, møter NRK tidlegare rusavhengige Tim og Marco. Begge har vore tunge rusmisbrukarar sidan tenåra, og har sona sine straffar i fengsel.
Begge veit at det kunne gått fryktelege gale då dei skulle returnere til eit liv utanfor murane. Tim, som er i slutten av 30-åra, har fleire vener som døydde av overdose rett etter at dei slapp ut av fengsel.
– Ein eg kjente ganske godt hadde vore inne i kring ni månadar. Då han kom ut kjøpte han seg ein liten dose med heroin, mykje mindre enn det han var van med, men det var nok.
– Vanskeleg å returnere
Marco fortel at det for mange er vanskeleg å halde seg vekke frå det gamle miljøet dei var ein del av før dei hamna i fengsel.
– Det er ikkje enkelt å møte byen du er frå, når du har så mange kjennskap her, seier 25-åringen.
Historiene deira om overdosedødsfall kort tid etter soning er diverre langt frå uvanlege.
Inspektør Pål Skogen i Bergen fengsel, som er ein av stadene der pilotprosjektet skal gjennomførast.
Foto: Siri Løken / NRKToler mindre når dei slepp ut
Inspektør Pål Skogen i Bergen fengsel fortel at innsette med rusproblem har auka risiko for å døy av overdose i vekene etter at dei har sleppt fri.
– Opiatavhengige som har vore ei tid utan opiatar, har ei toleransegrense i kroppen som er lik null. Det er åtte til 16 gangar høgare risiko for overdosedødsfall etter soning.
No vil helsestyresmaktene ha tiltak for å få ned talet på overdosedødsfall.
I første omgang er det fengsla i Bergen, Hedmark og Trondheim som skal gjennomføre eit pilotprosjekt der rusmisbrukarar skal få betre informasjon og oppfølging når dei slepp ut av fengsel.
Oppfølging og informasjon
Meir informasjon til rusavhengige, mellom anna om overdosefaren, er eitt av tiltaka for å få ned dødstala.
I tillegg skal rusavhengige kunne gå ut av fengselet med minst ein konkret avtale om oppfølging, til dømes med Nav, Helsevesenet eller friviljuge organisasjonar.
– Vi har fått tilbakemeldingar på at informasjon vi gir om overdosefare, har redda liv. Det vi tenkjer på dette området er at om reddar vi eitt liv, så er det verdt heile denne innsatsen, seier Anne-Grete Skjellanger i Helsedirektoratet.
RISIKO: Rusavhengige som slepp ut av fengsel har åtte til 16 gongar høgare risiko for å døy av overdose. – Opiatavhengige som har vore ei tid utan opiatar, har ei toleransegrense i kroppen som er lik null, fortel inspektør Pål Skogen i Bergen fengsel.
Foto: Arne Frank SolheimSer seg ikkje tilbake
For Tim og Marco har den friviljuge organisasjonen Trappen Motiveringssenter blitt redninga. Dei tilbyr hjelp til rusavhengige etter fengselsopphaldet.
I dag har Tim vore rusfri i fire år og er motivator hjå Trappen. Marco har halde seg vekke frå narkotika sidan oktober.
– Eg såg på meg sjølv som øydelagt av rusen. Å ta eit oppgjer med seg sjølv og stå i det, det er alfa omega, avsluttar Tim.