– Eg har klare forventningar om at det kjem friske pengar retta mot små og mellomstore bruk, som var vår hovudprioritet i kravet og som staten ikkje møtte oss på. Får vi ikkje det på plass, så håpar eg at Norges Bondelag forlèt forhandlingsbordet ganske kjapt, seier Felde til NRK.no fredag ettermiddag.
Det vart då klart at bondeorganisasjonane er samde om å gå i forhandlingar med staten.
770 millionar i skilnad mellom krav og tilbod
Då landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) tidlegare i veka la fram staten sitt tilbod i jordbruksforhandlingane vart bondelagsleiaren i Sogn og Fjordane sjokka.
Felde var usikker på om det i det heile teke var noko å forhandle om, men fredag ettermiddag er det altså klart at bondeorganisasjonane og staten skal møtast i helga.
Felde er spent på kva som no blir utfallet.
– Det blir viktig for oss å få avklart kva stortingspolitikarane eigentleg vil, seier han.
- Les også:
Håpar på betydeleg forhandlingsvilje
I kravet sitt la Norsk Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag vekt på å løfte inntektsmoglegheitene for dei små- og mellomstore gardane. Dei meiner for mykje pengar dei siste åra har gått til dei store bruka og vil sikre matproduksjon landet over med å sikre også dei minste og mellomstore.
- Les også:
Felde ser ikkje noko grunn til å gå vidare med forhandlingar om ikkje staten gir tydelege signal om at dei vil gå bøndene i møte på dette.
– Får vi ikkje signal om dette i første forhandlingsmøte, så er det ingenting å kaste vekk tid på, seier han.
Felde er også klar på at mellom anna endringa som er føreslått for distriktstilskot på egg må reverserast.
Leiar i Bondelaget, og jordbruket sin forhandlingsleiar, Lars Petter Bartnes, har ifølgje NTB håp om betydeleg forhandlingsvilje hos regjeringa.
– Forhandlingsvilje er heilt avgjerande for å møte jordbruket sine krav og for å komme fram til ei jordbruksavtale, seier han til NTB.
– Det blir ei veldig spennande helg, konstaterer Felde.