– Vi innhentar no rapport frå arrangørklubben og er innstilte på å handsame saka raskt. Det er vår intensjon at vi kan konkludere allereie tysdag, opplyser generalsekretær i Norges Friidrettsforbund Kjetil Hildeskor til friidrett.no.
Sprintaren Jaysuma Saidy Ndure sprang inn til ny norsk rekord på 100 meteren i Florø på tida 9,95.
På bakgrunn av opplysningane som kom rett etter løpet, der vindmålaren vart avlesen til 1,9 sekundmeter medvind, vart det stilt spørsmål ved vindmålaren.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Følgjer vanleg prosedyre
NFIF vil dermed vurdere om rekordløpet kan bli godkjent.
– Vi følgjer vanleg prosedyre i denne saka, seier Hildeskor.
Under laurdagens stemne på Florø stadion var det mykje vind, og i alle heata før finalen var vindmålingane høgare enn det som var tillate. Men i finalen var vindmålinga innanfor grensene, meinte arrangøren.
Ifølgje Ndure-trenar Olav Magne Tveitå, tek sprintaren det heile med stor ro.
– Han tok det veldig lett. Eg vart nok mykje meir skuffa enn han. Ndure ser berre framover og vil springe endå fortare, så han tok det ikkje særleg tungt, seier Tveitå.
- LES OGSÅ:
Har også tidlegare fått refs frå forbundet
Sjølv tykkjer han det heile er veldig trist, både for arrangøren og utøvarane.
Det er trist, og det er slikt som ikkje skal skje, seier Tveitå
Også i 2011 fekk arrangørane i Florø refs frå Friidrettsforbundet. Den gongen underkjende dei tidene på 1000 meter under friidrettsfestivalen, då dei meinte det var utilstrekkeleg tidtaking.
NRK har førebels ikkje klart å få ein kommentar frå arrangørane av Florø friidrettsfestival.