Væpna med hagle prøvde mannen å rane Spar-butikken, men vart overmanna av eigaren. Mannen har sidan sete varetektsfengsla.
- LES OGSÅ: – Det var rein galskap, sett i ettertid
Saka skulle ha starta denne veka, men er utsett etter ynskje frå forsvararen til den tiltalte, skriv Firda.
– Vi har bede om at saka vert utsett på grunn av at tiltalte må undersøkjast nærare, seier advokat Stig Nybø til avisa.
Vurdert på nytt
Som NRK.no tidlegare har skrive, meiner politiet at ranet var nøye planlagt. Mannen er også tiltalt for å ha ladd hagla under ranet og for å ha trua med denne.
Sistnemnde og spørsmålet om mannen kan stillast til ansvar for handlingane, er to sprikande punkt i saka. Det er allereie gjort ei «papirvurdering» av mannen.
(Artikkelen held fram under videoen)
– Men dei førebelse erklæringane var ikkje gode nok ifølgje rettsmedisinsk kommisjon, seier Nybø til Firda.
Demens
Difor ynskjer forsvararen nye og grundigare vurderingar av tiltalte før saka kjem opp att 21. til 23. januar neste år.
– Det fins fleire forklaringar handlingane kan komme av, og dei skal no undersøkjast. Han avslutta mellom anna bruk av tablettar like i forkant av ranet. I tillegg skal han ha hatt frontallappsdemens eller ein kombinasjon av desse to, seier Nybø til Firda.