Hopp til innhold

Vil ha Kristin Maurstad som ny Ap-leiar

Valnemnda i Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil ha Kristin Maurstad frå Vågsøy til ny fylkesleiar i partiet.

Kristin Maurstad

KAN BLI NY LEIAR: Kristin Maurstad er innstilt av valnemnda som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Det kom som lyn frå klar himmel på valnemnda då Nils P. Støyva i slutten av januar gav beskjed om at han trekkjer seg frå leiarvervet i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Sidan har jakta etter ein ny leiar pågått.

For knapt fire veker sidan bestemde valnemnda seg for at dei ville intervjue dei tre kandidatane Hilmar Høl, Solveig Willis og Kristin Maurstad før dei landa på ei innstilling til årsmøtet.

Gjorde solid inntrykk

– Valnemnda har hatt nokre samtalar med dei tre kandidatane som var innstilte frå regionane til å ta over leiarvervet. Alle tre gjorde solide inntrykk, og slik sett har vi hatt eit luksusproblem, seier leiar i valnemnda Anette Stegegjerdet Nordberg.

Valnemnda har hatt mange diskusjonar og møter, før dei til slutt landa på Maurstad.

– Vi har meint at vår jobb er å levere ei innstilling på éin kandidat. Det var ho som fekk best oppslutnad frå valnemnda sine medlemmer, seier Nordberg.

For å komme fram til kven som skal fylle skorne etter Nils P. Støyva, bestemde valnemnda seg for å gjennomføre intervjurundar med dei tre kandidatane, mellom anna for å få oversikt over kva tankar og ambisjonar kandidatane hadde for å ta på seg vervet.

– Alle tre gjorde solide inntrykk, noko som var venta, sidan alle er profilerte i eigen region og har lang fartstid, seier Nordberg.

Meiner ho har kvalitetar som partiet treng

At valet til slutt fall på Maurstad, er det fleire årsaker til.

– Ho er ein dyktig politikar, godt profilert, særleg i sin eigen region, og kjem frå eit området der valnemnda meiner partiet har eit potensial til å vekse, seier Nordberg.

Anette Stegegjerdet Norberg

NØGD: Leiar i valnemnda, Anette Stegegjerdet Norberg, meiner nemnda har landa på den rette kandidaten.

Foto: Bernt Sønvisen

Ho legg til at Maurstad også har ein spennande yrkesbakgrunn frå det maritime miljøet.

– I tillegg har ho fått smake på korleis det er å vere i sentrale posisjonar i politikken. Ho har mange spennande kvalitetar som vi meiner partiet treng i tida framover, seier Nordberg.

Har vore krevjande

– Det har vore eit krevjande arbeid, og det handlar også litt om at ein i fjor ikkje såg for seg at det skulle bli eit leiarskifte i år, seier Nordberg.

At Støyva trekte seg, kom svært brått på. Då fleire av kommunepartia allereie hadde gjennomført sine årsmøte, førte det til at valnemnda fekk litt færre innspel til leiarkandidatar enn det dei hadde håpa på.

– Det har nok kravd meir av valnemnda enn det ein trudde då ein vart vald på årsmøtet i fjor. Men vi har hatt gode diskusjonar, det har vore høgt under taket og god meiningsbryting, seier Nordberg.

Tek ikkje sigeren på forskot

– Det er ein tillit som eg set stor pris på, og det er svært hyggeleg. Men dette er ei innstilling, så det er mykje som kan skje fram til årsmøtet skal ta sitt val neste veke, seier Maurstad.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti skal ha årsmøte 15.–16. mars.

Ho understrekar at ho ikkje tek noko som helst på forskot, og peikar på at det er årsmøtet som skal velje.

– Trur du det kan bli ei kampvotering mellom deg og Hilmar Høl?

– Det vil eg ikkje spekulere i. Det får vi ta når vi kjem så langt, seier Maurstad.

Nok av saker å ta tak i

Ho har likevel tenkt litt på korleis ho vil utøve leiarvervet, dersom årsmøtet går for valnemnda si innstilling.

– Det er eit val om halvtanna år som sjølvsagt blir viktig å fokusere på. Så vil det sjølvsagt dukke opp politiske saker heile tida som må jobbast med. Vi har eit veldig velfungerande styreapparat som eg ser fram til å jobbe med, viss det vert meg, seier Maurstad.

Ho vil ikkje komme med konkrete saker ho ønskjer å løfte spesielt fram.

– Det trur eg vi skal komme tilbake til når årsmøtet er ferdig. Men her er absolutt saker å ta tak i, seier Maurstad.

Maurstad har vore medlem av fylkesstyret sidan 2011, er leiar av lokalpartiet, og er varaordførar i Vågsøy kommune.

Maurstad har vore statssekretær i handels- og næringsdepartementet. Ho er tilsett som dagleg leiar i Innovatitt AS.

Går for to nestleiarar

Valnemnda føreslår vidare at Hilmar Høl frå Årdal vert politisk nestleiar, og Solveig Willis frå Flora blir organisatorisk nestleiar, noko som er ein ny vri for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

– Nemnda har sett det arbeidet Støyva har gjort som leiar, og det er ikkje tvil om at det er store sko å fylle for ein ny leiar i partiet. Støyva har lagt ned mykje tid, ikkje minst på reise rundt om i fylket, seier Nordberg.

Valnemnda har difor komme fram til at det er hensiktsmessig å ha, ikkje berre éin nestleiar, men to.

– Å leggje ned så mykje tid, er ganske urealistisk når vi snakkar om kandidatar som alle har full jobb. Difor kjem valnemnda med ei innstilling der ein innstiller på å organisere styret med to nestleiarar, seier Nordberg.

Ho peikar på at ingen er tent med at ein leiar slit seg heilt ut for å få gjort alt som krevst.

– Det er eit nytt grep som vi håpar årsmøtet vil gje valnemnda tilslutnad til. I Sogn og Fjordane Ap er dette ein heilt ny måte å organisere seg på, men fleire andre parti har valt ei slik løysing. Det viktige er å få fordelt oppgåvene på fleire, slik at styret får gjort alt det som det skal, seier Nordberg.