Hopp til innhold

Vil ha kraftline i Naustedalen

Med 11 mot ti røyster gjekk kommunestyret i Naustdal inn for å leggje den nye kraftlina gjennom Naustedalen.

Naustdal kommunestyre 1. juni 2011

BESTEMTE SEG: Naustdal kommunestyret vil skåne sentrum

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Fleirtalet ynskte ikkje kraftlina raskaste veg gjennom Naustdal.

Ap-ordførar Håkon Myrvang meiner vedtaket om å legge lina langs det verna Nausta-vassdraget, var det einaste rette.

Håkon Myrvang

SKÅNE: Ordførar i Naustdal, Håkon Myrvang, meiner Naustedalen er den beste traseen for kraftlina.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Primært ynskjer vi ikkje lina i Naustdal, for det er ei utfordring uansett kvar den kjem. Så vi må gå for den som er minst skadeleg for kommunen, seier han.

Skåna sentrum

Ingen stadar i fylket har den nye store kraftlina frå Ørskog til Fardal skapt så mange overskrifter og strid som i Naustdal. Onsdag kveld fekk politikarane kome med sine meiningar.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Får kjeft uansett

SJÅ: Uansett vedtak om den nye kraftlinetraseen,

Fleirtalet i Ap-gruppa og dei fleste Høgre-representantane fekk viljen sin. Dei ville skåne tre gardsbruk og moglege næringsareal nær sentrum.

– Vi er ein kommune med fjell i nord og sør, så vi må vekse aust-vest. Dersom vi har ei slik svær linje, så vil ikkje folk busette seg når vi må ta i bruk det arealet, seier Myrvang.

Hardt mot hardt

Ole Erik Thingnes

MISNØGD: Ole Erik Thingnes vil ikkje ha kraftlina gjennom Naustdal i det heile.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ole Erik Thingnes (SV) ville sette hardt mot hardt under møtet

– Det er langt frå alle i kommunen som ynskjer kraftlina i det heile. Naustdal hadde stått seg mykje betre utad om vi hadde hatt ei røyst som avviste heile linja, seier han.

- Det verste er uvissa

Arne Grimseth er glad for at fleirtalet gjekk inn for å skåne garden hans. Han har i sju år kjempa mot å få den store kraftlina over gardsbruket sitt.

No håpar han på ei endeleg avgjerd.

Arne Grimseth

NØGD: Kommunen vil skåne garden til Arne Grimseth for kraftlina.

Foto: NRK

– Dette er jo teke opp på eit politisk toppnivå, og det er der det til sjuande og sist avgjort, seier han.

– Kor viktig er det at de unngår denne lina?

– Her blir ikkje busetnad lengre. Det blir ikkje bygt nye hus om ein kjem innanfor eit strålefarleg område. Eg ser fram til at det blir gjort eit vedtak om det eine eller det andre. For det verste er uvissa, seier han.