Hopp til innhold

Vil ha fleire lover på nynorsk

Både Noregs Mållag og Juristmållaget meiner altfor få av norske lover er på nynorsk, skriv Bladet Tysnes. Berre 14 prosent av norske lover er på nynorsk, resten er på bokmål. Dei viser mellom anna til at både arvelova og trussamfunnslova tidlegare var på nynorsk, men når desse lovene vart reviderte i 2019 og 2020, vart begge på bokmål.