Hopp til innhold

Vil ha færre hjorteskilt

Vegvesenet meiner folk bilistane blir åtvara mot hjortefare for ofte.

Hjorteskilt på Flyplassvegen
Foto: NRK

- Vi ynskjer færre skilt. Skilta har ikkje respekt hjå bilførarane når ein har for mange av dei, seier miljøkontakt Ann Kristin Nes i Statens vegvesen

At problemet med hjortepåkøyrsler i Sogn og Fjordane er reelt er det liten grunn til å tvile på. Berre i fjor vart 377 dyr skadde eller drepne i møte med bilar.

Hjortestamma er i sterk vekst over heile fylket, og det same er talet påkøyrde dyr.

Strekningane der dette er eit problem er mange, og det er også skilta som skal åtvare om dyr i vegbana. Men vegvesenet opplever at mange bilistar ikkje bryr seg om skilta, fortel Nes.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fjerner hjorteskilt

VIL FJERNE SKILT: Håpar færre skilt skal gje auka respekt blant bilistane.

Vil ha respekt for skilta

- Vi ynskjer at dei skal bli respekterte. Når det står eit viltskilt der, så er det ikkje utan grunn, seier Nes.

Vegvesenet vil difor ha færre hjorteskilt langs vegane i eit håp om at folk skal få auka respekt for dei skilta som står att.

- Vi ynskjer å ta vekk ein del skilt og kun merke dei stadene der det er størst behov, seier Nes.

- Ver forsiktig!

Det er politiet som registrerer hjortepåkøyrsler.

Operasjonsleiar Per Rimmen kan ikkje seie kor vidt mange av påkøyrslene skuldast at folk ikkje respekterer skilta, men han har ei klar oppmoding.

- Politiet ber folk som er ute å køyrer om å ta omsyn til dei skilta som er sette opp. Det er gjort ei kvalifisert vurdering av kvar hjorten då pleie å krysse vegen. Og då må folk ta omsyn til skilta og vere observante på dette, spesielt her i Sogn og Fjordane der det er mykje hjort, seier Rimmen.

LES OGSÅ: Tre hjortar påkøyrde på kort tid