Hopp til innhold

Tett mellom hjortepåkøyrslene

I løpet av to minutt måndag morgon fekk politiet to meldingar om påkøyrde hjotar.

Klokka 05.41 fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrd på ein hjort på E 39 ved Moskog i Førde.

Berre eitt minutt seinare kom neste melding. Ein hjort var påkøyrd på E39 ved Rå mellom Vadheim og Lavik.

Dei lokale viltnemdene er varsla.

Klokka 07.45 måndag morgon fekk politiet melding om ei tredje hjortepåkøyrsle. Denne gongen i Fresvik i Vik. Hjorten vart avliva på staden.