Hopp til innhold

Fleire selskap vil etablere asylmottak i Høyanger - ordføraren er skeptisk

Både Hero Norge AS og Nosk Mottaksdrift vil starte asylmottak i Høyanger med 150 plassar allereie frå november av. Ordførar Petter Sortland (Ap) er skeptisk.

Høyanger sett frå Bugeheia

HØYANGER (arkivfoto)

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Å seia til innbyggjarane at det ikkje vil gå utover dagens tenestetilbod vil vera å lyga, seier Sortland til Ytre Sogn, som skreiv om saka først.

Den siste veka har dei to driftsoperatørane for asylmottak teke kontakt med kommunen med informasjon om at dei har blitt tilbydd leigeavtalar for bustader i kommunen, og vil tilby Utlendingsdirektoratet 150 mottaksplassar med oppstart 15. november, skriv avisa.

– Det vil by på enorme utfordringar, både innanfor skule, helse og andre sektorar, seier Sortland til NRK.

Høyanger kom i vår inn på ROBEK-lista til Staten, ei liste kommunar som kommunar i økonomisk ubalanse. Det er også ein utfordrande arbeidsmarknad i kommunen med aukande arbeidsløyse, ifølgje Sortland.

Begge aktørane legg opp til eit desentralisert mottak, altså at dei leiger ordinære bustader i kommunen.