Hopp til innhold

NVE vil ikkje løyve millionar til å sjekke flodbølgjefaren

NVE vil ikkje løyve fire millionar til grunnboring for å sjekke fjellområdet Stampa i Aurland. Eit stort ras kan i føre til at Flåm vert slukt av ei flodbølgje.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.

SPREKKER: Fjellområdet Stampa / Joasete i Aurland kan rasa ut. Men førebels veit ingen sikkert kor stor rasfaren eigentleg er.

Foto: Aurland kommune.

Stampa ved Flåm er på svimlande 100 millionar kubikkmeter masse. Det kan i verste fall skli ut og rase i fjorden.

Bergarten i området er laus og full i sprekker, og med mykje vatn vert fjellet enda lausare.

Ulike faremodellar

Ekspertane har så langt konkludert med at faren for at det heile brått skal rase ut er liten. Men fjellpartiet er i rørsle. Leiar for skredsikringsprosjektet i Aurland, Bjørn Sture Rosenvold, fortel at det er utarbeidd ulike modellar for kor stor flodbølgja vil bli dersom fjellet rasar ut.

– Det er avhengig av storleiken på dei massene som rasar i fjorden. Det minste skredet i fronten vil skape ein liten flomsituasjon inne i Flåm. Dersom alt rasar på ein gong, så snakkar vi om ei bølgjehøgde på 80 meter, seier Rosenvold.

Det er enorme mengder vatn som renn ned i fjellsprekkene, og ulike ekspertar har konkludert med at vatnet må drenerast vekk frå området.

NVE seier nei

Problemet er at NVE så langt har sagt nei til å setje av fire millionar kroner til å få gjennomført førebuande fjellboringar. Boringane vil kunne gje viktige svar på kor effektiv dreneringa vil bli, og kor stor rasfaren er, opplyser Rosenvold.

– Då kan ein rekne på kor sannsynleg det er, og på risikofaktorane. No er det meir overflatevurderingar og rein gjetning. Vi har brukt noko teknologi for å sjå ned i fjellet, via elektroimpulsar, og det vi har sett er at det er djuptgåande sprekker ei såkalla glideflate. Altså ei sprekk som går under fjellpartiet og ned mot fjorden, seier skredsikringsleiaren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Noralv Distad

VIL HA PENGAR: Ordførar Noralv Distad og prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold, meiner NVE må bla opp.

Foto: Bård Siem / NRK

For tidleg å slå fast

Vassdrags- og energidirektør Per Sanderud, meiner derimot det er for tidleg å fastslå at fjellboring er rette måten å gjere det på for å finne ut kor stor rasfaren er.

– Vi treng meir tid for å få samanlikna data, slik at vi kan bestemme kva tiltak som er naudsynte, seier Sanderud.

– Meir tid seier du, denne saka har jo vore utgreidd i ti år, med masse ekspertar som har sett på dette. Kvifor treng de meir tid?

– Vi fekk ein rapport frå NGU no i vår og vi held og fram med både GPS-målingar og bakkebasert radar. Det tek tid å samanlikne dei dataane vi får frå desse målingane. Det er sjølvsagt viktig å få ei avgjersle på dette, det er eg heilt samd i. Men vi må finne ut kva for tiltak som er naudsynte, sler Sanderud fast.

Distad forventar pengar

Ordførar Noralv Distad forventar at NVE set av dei fire millionar kronene, slik at det viktige borearbeidet kan kome i gang.

– Det er jo sagt at det ikkje er nokon akutt fare, og det er jo tryggjande for oss, men det vi må unngå er at det oppstår ein slik fare.