Hopp til innhold

Vikinglandsby søker vikingar

Folk frå heile Europa vil ta del i vikingsamfunnet som blir bygd i Gudvangen i Sogn.

Vikingar i gudvangen

LIVSSTIL: Har du lyst å leve som ein viking? Vikinglandsbyen i Gudvangen har hatt stor pågang av folk som vil bu der i løpet av sommaren. Frå venstre: Greg, Laurda, Alfar, mal, Ingrid, Rude, Høvding Olafr, Fjallar, Angela, Holger, Mary og Karl som har vore vikingar på marknader i Gudvangen i Aurland kommune tidlegare.

Foto: GUAS

Vikinglandsbyen «Njardarheimr» har fått 18 bygningar på plass, og opnar for publikum 31. mai.

Men først treng dei vikingar. Og det er slett ikkje mangel på folk som vil leve, bu og kle seg som om dei levde for 1000 år sidan.

– Allereie no har vi fått inn over 100 søknadar, og meir enn 400 har sagt dei er interesserte i å stille med produkt på vikingmarknaden, fortel dagleg leiar i Gudvangen utvikling, Frode Tufte. Han leier prosjektet som heiter «Vikingvalley», eit vikingsamfunn i enden av Nærøyfjorden.

Vikingmarknad i Gudvangen

VIKINGMARKNAD: Tidlegare har det vore vikingmarknad ei veke om sommaren i Gudvangen. 31. mai opnar landsbyen som skal vere permanent.

Foto: Kamilla Mygland Storaker/NRK

Eit samfunn, ikkje museum

I landsbyen skal folke få oppleve handverk og kvardagsliv, slik det var på den tida. Og dei som bur her kan det dei driv med, det er ikkje berre for turistane sin skuld, forsikrar Tufte.

Høvdinghus

HØVDINGHUS: Høvdingen skal bu staseleg med steinhellegolv.

Foto: GUAS

– Eg let meg fascinere av personar som i dagens samfunn gidd å bruka tid på å lære seg gamle handverk. Folka er hundre prosent, ikkje berre utkledd i viingkled. Dei både ser ut som og luktar som dei, flirer pådrivaren.

Nokre vil vere innom for ei helg, medan andre bur i landsbyen fleire veker i strekk. Dei som har søkt til no kjem frå heile Europa.

Det er over 15-20.000 som driv med «Viking reenactment», at dei lærer seg handverk eller lever som vikingar over tid.

Njardarheimr, vikingby i Gudvangen

NJARDARHEIMR: Slik skal vikingladnsbyen sjå ut når alle byggetrinna er ferdig om 3–4 år. Den skal blant anna ha eit langhus på 36 meter, eit hus for seremoniar og vertshus.

Foto: GUAS

søknadsskjemaet må du oppgi om du har erfaring som til dømes smed, innan bogeskyting, pottemakar, vevar eller broderi.

– Det er eit stort miljø i både Norge, Sverige, Danmark, Polen, Tyskland, England, over heile verda eigentleg, fortel Tufte.

I Gudvangen har dei hatt ein årleg vikingmarknad i fleire år. Men det er først no dei lagar permanente bygg, og held ope heile sommaren.

TV-seriar aukar populariteten

Dramaserien «Vikings» har blitt sett i mange langt sidan den starta å gå i 2013. Den er inspirert av historiske hendingar og vikingkultur, med ein del kunstneriske fridomar.

Serien har lokka turistar til heile metal- og vikingfestivalen Midgardsblot i Horten. Frode Tufte i Gudvangen utvikling seier den heilt klart har vore med å gi interessa for vikingtida ein ekstra puff.

– Serien triggar folk til å søke tilbake i historia. Det er gjerne blitt litt tøft i dagens samfunn å lære seg eit handverk, og ikkje minst livsstilen.

Landsbyen skal vere eit fungerande samfunn med yrande folkeliv, håpar folka bak prosjektet. og det er ikkje berre «på liksom».

– Folk kan blant anna kome og oppleve mat frå vikingtida, med same råvarer og smakar. Og det er nok den einaste matserveringa der det ikkje blir mogleg å skaffe seg ein kopp kaffi etter middagen, for det fanst ikkje i vikingtida, seier han.

Inngangsparti ved fjorden

INNGANG: Publikum kan kome inn til landsbyen frå fjorden. Seinare skal inngangen vende mot E16 i Gudvangen.

Foto: GUAS