Hopp til innhold

Vikafjellstunnelen ikkje prioritert

Heller ikkje i den neste 12-årsperioden blir rv. 13 Vikafjellstunnelen prioritert.

Prosjektet var sist inne i NTP i 2013, men sidan då har det vore dårleg nytt for dei som ønskjer ny tunnel.

– Det er ufatteleg skuffande og veldig overraskande. Eg hadde forventa at vi fekk i NTP kven som hadde ansvar og at det låg inne i første planperiode, seier Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

Vikafjellet
Foto: Visit Norway