Vikafjellet stengd resten av dagen

Etter ein periode med kolonnekøyring i ettermiddag, er riksveg 13 over Vikafjellet stengd resten av dagen. Grunnen er uvêr. Det blir gjort ei ny vurdering i morgon tidleg klokka 9, opplyser Statens vegvesen.